Eiksund

Koordinatar: 62°16′N 5°56′E / 62.267°N 5.933°E / 62.267; 5.933
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eiksundbrua sett frå Eika mot Eiksund

Eiksund er ei bygd i Ulstein kommune. Bygda ligg på sørenden av Hareidlandet.

Frå 1837 var Eiksund ein del av Herøy kommune. Den 1. januar 1964 vart Eiksund flytta til Ulstein saman med øya Eika, som ligg rett sør for Eiksund. Eika og Eiksund hadde då 222 innbyggjarar til saman. [1]. Pr 01.01.2014 var innbyggjartalet 316.

Fylkesveg 653 mellom Europaveg 39 i Furene i Volda og Garnes i Ulstein går gjennom Eiksund. Fram til 23. februar 2008 var Eiksund ferjestad for ferjesambandet til Rjånes i Ørsta. Då vart ferjesambandet nedlagt, og samferdsleminister Liv Signe Navarsete opna Eiksundsambandet til fastlandet med mellom anna verdas djupaste vegtunnel, Eiksundtunellen, som har lågaste punkt 287 meter under havoverflata.

Eiksund skule vart nedlagt i 2007. Barneskuleelevane går no ved Haddal skule.

Eiksund har eige postnummer, 6068 EIKSUND.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

62°16′N 5°56′E / 62.267°N 5.933°E / 62.267; 5.933