Eilif Rye Pisani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eilif Rye Pisani
Eilif Rye Pisani.jpg
Fødd 1923
Død

2. april 1947

Eilif Rye Pisani (19232. april 1947) var ein bergensar dømd under det norske landssvikoppgjeret. Han var den siste som blei avretta i Bergen.

Andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Pisani var smedlærling og 17 år gammal då verdskrigen kom til Noreg. Faren løytnant Erling Rye Pisani (1900-1944) var SS-mann og blei seinare drepen av danske motstandsfolk i København i 1944.

Som 19-åring melde Pisani seg til Den norske SS-vaktbataljon, og tenestegjorde på kjøkkenet i ein fangeleir for serbarar ved Osen i Elsfjord i Nordland. Han stakk av frå denne stillinga og kom til Oslo, der han dreiv rundt ei tid før han byrja arbeida for Gestapo. Han infiltrerte motstandgruppa rundt Johan Peter Bruun og førte Gestapo til Reidar Holtmoen og Håkon Sunde som våren 1943 blei arresterte og seinare skotne.

I november 1944 kom kom Eilif Rye Pisani til Bergen for å ta del i opprullinga av motstandsgruppa Saborg. Han oppretta kontakt med motstandsmannen August Rathke, men denne merka dobbeltspelet og blei einig med Willy Valentinsen om at han måtte takast livet av. Planen om å møta han og ta livet av han slo feil, og Valentinsen blei skoten på open gate 5. desember 1944. 15. desember skaut to motstandsfolk Pisani i Lille Markevei, men han overlevde.

Landssvikoppgjeret[endre | endre wikiteksten]

I juni 1946 blei Pisani dømt til livsvarig fengsel i Gulating lagmannsrett for snikmeldingane sine. Både han sjølv og riksadvokaten anka dommen til Høgsterett, som omgjorde han til dødsstraff den 11. mars 1947. Pisani søkte om nåde, men dette blei avslått i statsråd 28. mars. Den 2. april blei han teken til rettarstaden på Sverresborg og skoten kl. 04.25 om morgonen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Dødsstraff i stedet for livsvarig fengsel.», VG: 1, 3.03.1947 
  • «Dødsdom fullbyrdet», VG: 1, 09.04.1947 
  • «Glemt av samfunnet», Bergens Tidende Morgen, 07.01.1995 
  • Ask, Øivind (06.05.2005), «I dødens venteværelse», Bergens Tidende: 23 
  • Valestrand, Terje (13.03.2004), «Her ble syv mann skutt», Bergens Tidende Morgen: 33 
  • Rødland, Kjartan (07.01.1995), «Unggutter i møte på liv og død», Bergens Tidende Morgen: 36 
  • Pisani, Eilev Rye i NorgesLexi

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. Rapport frå politimeister Brinchmann, teken inn i Domsfullbyrdingsprotokollen for politimesteren i Bergen, og signert av Brinchmann og dr. Solheim. Protokollen er arkivert ved Statsarkivet i Bergen. Påstanden om at Pisani vart avretta på Kvarven fort, m.a. vist til i Lars-Erik Vaale: Dommen til døden, side 194, er ikkje rett.