Ein Netafim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein Netafim
vasskjelde
Ein Netafim
Land  Israel
Distrikt Sør
Koordinatar 29°35′49″N 34°52′59″E / 29.597014°N 34.883171°E / 29.597014; 34.883171
Kart
Ein Netafim
29°35′49″N 34°52′59″E / 29.597014°N 34.883171°E / 29.597014; 34.883171
Wikimedia Commons: Ein Netafim

Ein Netafim er ei vasskjelde i Eilatfjella som ligg nær den israelske grensa til Egypt. Kjelda ligg kring 7 km nord for byen Eilat, nær hovudveg 12. Dette er den einaste kjelda nær Eilat med vatn året rundt.

Ein Netafim er den einaste naturlege vasskjelda i Eilatfjella som flyt året rundt og er ei drikkevasskjelde.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1950 prøvde Israel å grunnleggje ein jordbruksbusetnad nær kjelda, men denne vart fråflytta. Fram til seksdagarskrigen låg det ein israelsk militær utport nær Ein Netafim.

Kjelda har påverka kvar grensa mellom Det britiske imperiet og Det osmanske riket, gjekk, som er grensa mellom Israel og Egypt i dag. Britane bygde eit basseng for å samle vatn frå kjelda, men bassenget vart øydelagd av eit steinras. I 1965 vart det bygd eit nytt basseng, men dette vart øydelagd av ein flaum. Det nyaste bassenget er frå 1968.

Området kring Ein Netafim ved hovudveg 12 har vore åstad for to store terroråtak i 1990 og 2011. .

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]