Eilat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 29°33′N 34°57′E
Eilat
אֵילַת, ايلات
kommune
Eilat ST 05.jpg
Eilat, hamna og dei kringliggande fjella.
Våpenskjold
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 29°33′N 34°57′E
Areal 84,79 km²
Folketal 47 719 (2012) [1]
Folketettleik 563 / km²
Grunnlagd 1951
 - Bystatus 1959
Borgarmeister Meir Yitzhak Halevi
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Eilat

Eilat (hebraisk skrift: אֵילַת; arabisk إيلات) er den sørlegaste byen i Israel. Han ligg i Det sørlege distriktet, har ei travel hamn og er ein populær feriestad heilt nord i Raudehavet ved Akababukta.

Det bur kring 47 700 innbyggjarar i Eilat,[1] som ligg heilt sør i Negevørkenen, ved sørenden av Arava, like ved den egyptiske landsbyen Taba i sør, den jordanske hamnebyen Akaba i aust, og med utsyn mot Saudi-Arabia i søraust, på andre sida av bukta.

Det tørre ørkenklimaet i Eilat og den låge luftfukta, vert moderert ved plasseringa nær den varme sjøen. Temperaturane går ofte over 40 °C om sommaren, og 21 °C o mvinteren, medan vasstemperaturen varierer mellom 20 og 26 ºC. Eilat har i snitt 360 soldagar i året.[2]

Strendene i byen, koralrevet, nattelivet og ørkenlandskapet, gjer Eilat til ein populær feriestad med turistar frå både Israel og utlandet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Flyfoto av Eilat

Geologien og landskapet er variert med vulkanske og metamorfe bergartar, sandstein og kalkstein. Dei høgaste fjell i området stig til 892 meter over havet, og her finst vide dalar som Arava, og kysten ved Akababukta. Årsmiddelnedbøren er på skarve 28 mm og sommartemperaturane er 40 ºC og høgare. Her finst lite vatn og vegetasjon. Hovudelementa som har påverka historia i regionen er koparressursane og andre mineral, dei eldgamle internasjonale vegane som kryssa området, og den geopolitiske og strategiske plasseringa.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Den første busetnaden låg truleg heilt nord i Eilatbukta.[4] Arkeologiske utgravingar har avdekt imponerande førhistoriske graver, daterte til 6000-talet fvt. heilt vest i Eilat, medan nærliggande koparverk og gruverdrift i Timnadalen er dei eldste på jorda. Egyptisk dokument nemner dei omfattande og lukrative gruvene og handelen med Egypt på tvers av Raudehavet så tidleg som i Det fjerde dynastiet i Egypt. Eilat er nemnt i antikken som ein viktig handelspartnar med Elim, Thebes si hamn ved Raudehavet Port, så tidleg som Det tolvte dynastiet i Egypt.[5] Handel mellom Elim og Eilat førte røykjelse og myrra frå Etiopia og Punt, bitumen og natron, frå Daudehavet; finvevd lin frå Byblos; og koparamulettar frå Timna; alt dette er nemnt i Førarboka for Det erytheriske havet. I antikken grensa Eilat til statane Edom, Midian og stammeteorritoriet til Rephidim, dei innfødde innbyggjarar på Sinaihalvøya.

Israelittiske tid[endre | endre wikiteksten]

Eilat er først nemnd i Det gamle testamentet i Andre mosebok. Dei første seks kapitla i Andre mosebok er i Egypt. Den sjuande er kryssinga av Raudehavet og kapittel 9-13 er i og rundt Eilat, etter utvandringa frå Egypt og kryssinga av Raudehavet. Kapittel 12 refererer til mange leirstader i og rundt Timna nær Eilat.[treng kjelde]kong David erobra Edom,[6] som fram til då hadde delt grensa med Midian, tok han over Eilat, grensebyen som var delt mellom dei to statane. Den kommersielle hamnebyen og den koparbaserte industrien var under egyptisk kontroll fram til hamna vart ombygd av Salomo på ein stad kalla Ezion-Geber (I Kongebok 9:26). I 2 Kongebok 14:21–22 «Heile folket i Juda tok Asarja, som då var seksten år gammal, til konge etter Amasja, far hans. Det var han som vann byen Eilat tilbake til Juda og bygde byen om til ei borg, etter at kongen hadde gått til kvile hos fedrane sine» Og igjen i 2. Kong 16:6: «Det var den gongen aramearkongen Resin vann Eilat tilbake til Aram og dreiv judearane ut av byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og dei bur der den dag i dag.»

Nordstranda i Eilat.

Romersk og muslimsk periode[endre | endre wikiteksten]

I romartida vart det bygd ein veg frå området til den nabateiske byen Petra (i dagens Jordan). Ruinane av ein stor koparsmelteomn og handelssamfunn som blmøde under omajadane (700–900 evt.) er òg funne i det som i dag er industriområdet i Eilat, nær kibbutzen Eilot.

I dokumenta til muslimske vitskapsmenn i mellomalderen, som Al-Waqidi, vert det sagt at Muhammed gjorde ein avtale med folket i Eilat (Ayla), jødar og kristne. I avtalen tilbaud Muhammed vern til jødane og dei kristne, og dei fekk behalde sjølvstyre i byen, i byte mot ein årleg skatt.[7] Ei anna kjelde til Eliat i islamske tekstar trur ein finst i Koranen, sura 7:163–169. I desse står ei soge om «ein by ved sjøen» der jødiske innbyggjarar vart testa av Gud for å sjekke om dei verkeleg heldt sabbaten. Ein gong gjorde dei ikkje det, og dei vart omgjorte til aper.[8] Darb el Hajj eller «Pilegrimsvegen, frå Afrika gjennom Egypt til Mekka, passerte ut frå Sinai frå vest i Umm Al-Rashrash, det moderne arabiske namnet på Eilat, før dei gjekk langs sjøen og fortsette sørover til Arabia. Ein britisk politistasjon vart oppretta i dette området i 1906.[9]

Ein islamsk landsby på 250–400 innbyggjarar, blømde i nordenden av det moderne Eilat på 600- og 700-talet.[10]

Etter opprettinga av staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Dette området var tiltenkt den jødiske staten i delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina. Den arabiske landsbyen Umm Al-Rashrash vart teken uten kampar den 10. mars 1949, som ein del av operasjon Uvda.

Timna kopargruver[11] nær Timnadalen vart opna, det vart bygd ei hamn, og Eilat Ashkelon-røyrleidninga vart lagt, samstundes som turistane byrja å kome til byen. Bygginga av byen og hamna i Eilat byrja kort tid etter slutten av krigen. Hamna vart viktig i utviklinga av landet. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948 var mange arabiske land fiendtleg innstilt til Israel, og blokkerte alle landruter. Israel kunne berre handle med resten av verda via luft eller til sjøs. I tillegg nekta Egypt passasje gjennom Suezkanalen for israelsk-registrerte skip eller skip som bar last til eller frå israelske hamner. Dette gjorde EIlat og hamna der særs viktig for israelsk kommunikasjon og handel med Afrika og Asia, og for oljeimport. Utan ei hamn ved Raudehavet hadde ikkje Israel kunne ha utvikla dei diplomatiske, kulturelle og handelsbaserte banda til land utanfor Middelhavet og Europa. Dette skjedde i 1956 og igjen i 1967, då Egypt lukka Tiransunda for israelsk skipsfart med ein effektiv blokade av hamna i Eilat. I 1956 førte dette til at Israel i lag med Storbritannia og Frankrike gjekk til krig mot Egypt og skapte Suezkrisa. I 1967 passerte 90 % av israelsk olje gjennom Tiransunda.[12] Oljetankarar som skulle gjennom sunda var forseinka.[13][14] At sunda vart lukka vart av Israel omtalt som nok ei krigsårsak som førte til utbrotet av seksdagarskrigen. Etter det vart signert fredsavtalar med Egypt i 1979 og Jordan i 1994, har grensene til Eilat endeleg vore opne til naboane sine.

I juli 2012 signerte Israel ein avtale med Kina om i lag å byggje ein høgsnøggleiksjernbane til Eilat. Denne vil knyte Eilat til Beersheba og Tel Aviv, og gå gjennom Aravadalen og Nahal Zin.[15]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Eilat
Klimadiagram (forklaring)
JFMAMJJASOND
 
 
4
 
20
9
 
 
6
 
22
10
 
 
5
 
26
13
 
 
3
 
29
17
 
 
1
 
34
19
 
 
0
 
37
23
 
 
0
 
38
25
 
 
0
 
38
25
 
 
0
 
35
23
 
 
1
 
32
20
 
 
3
 
27
15
 
 
6
 
22
11
Normal maks. og min. temperatur i °C
Total nedbør i mm
Kjelde: Weather2Travel[16]

Eilat har eit varmt ørkenklima (BWh[17] med varme, tørre somrar og varme, regnfattige vintrar i Köppen si klimasklassifisering). Om vinteren ligg temperaturen normal frå 11 til 23 ºC, om sommaren normalt mellom 26 til 40 ºC, Det ligg eit relativt lite korallrev nær Eilat, som for 50 år sidan var mykje større. Korallane har døydd på grunn av vassforureining.

Klimadata for Eilat
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 30.2 31.6 36.2 40.6 44.8 45.6 47.4 47.4 45 41.5 36.4 31.4 47,4
Normal maks. temp. °C 20.8 22.1 25.5 31.1 35.4 38.7 40.9 40.8 37.3 33 27.2 22.3 31,3
Døgnmiddeltemp. °C 15 17 20 24 28 31 32 32 30 27 21 16 25
Normal min. temp. °C 9.6 10.6 13.6 17.8 21.5 24.2 25.9 26.2 24.5 21 15.5 11.2 18,5
Kulderekord °C 2.2 0.9 6.4 8.4 14.6 19.1 20 20.4 19.2 13.7 7 2.5 0,9
Nedbør (mm) 3.5 5.8 3.7 1.7 1 0 0 0 0 3.5 3.5 6 28,7

relativ fukt 32 28 25 19 16 15 17 18 23 27 29 33 23,5
Normal mengd nedbørdagar 2.1 1.8 1.6 0.9 0.7 0 0 0 0.1 0.7 0.8 1.9 10,6
Normale månadlege solskinstimar 229.4 237.3 251.1 273 319.3 324 347.2 347.2 291 282.1 246 217 3 364,6
Kjelde nr. 1: Israelsk meteorologiske institutt[18][19]
Kjelde nr. 2: Climatemps.com for mean temperaturs[20]
Eilat normal sjøtemperatur[16]
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des
22 °C 21 °C 21 °C 23 °C 25 °C 26 °C 28 °C 28 °C 28 °C 27 °C 25 °C 23 °C


Turisme[endre | endre wikiteksten]

Eilat-promenaden

Eilat er ein populær turiststad med mange forskjellige høve for losji, frå ungdomsherberge til luksushotell. I nyare år har Eliat vore eit mål for militante grupper frå Egypt og Gaza, noko som har redusert talet på turistar til området. Av turistattraksjonar finn ein fuglekikking, kamelturnar, korallstranda, Coral World Underwater Observatory, Delfinrevet, fallskjermhopping, Hai-Bar Yotvata naturreservat, Kings City, ein bibelske temapark, marina med 250 lystbåtar og Timnadalenparken med dei eldste kopargruvene i verda og gamle egyptiske tempel

Særleg dykketurisme er særleg populært i Eilat. Byen ligg ved Akababukta som er ein av dei mest populære dykkedestinasjonane i verda.[21]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Eilat er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014. 
  2. Discovering the World of Bibelen, LaMar C. Berrett, (Cedar Fort 1996), page 204
  3. Avner, U. 2008. Eilat Region. In, A. Stern (ed.). The New Encyclopedia of Archaeological Excavation i Holy Land, Volume 5 (Supplementary). Jerusalem. 1704–1711.
  4. Dr. Muhammed Abdul Nayeem, (1990). Prehistory and Protohistory of the arabisk Peninsula. Hyderabad. ISBN.
  5. Michael Rice(1990). Egypt's Making. Routledge. ISBN 0-415-06454-6.
  6. «ישראל המקדשית». Gideon.022.co.il. Henta 30. mars 2015. 
  7. Moshe Gil. «A Palestinsk historie, 634–1099». Cambridge University Press, 1997, s.29–31
  8. The Koranen, sura 7:163–167. http://quran.com/7/163-169
  9. Gabriel Warburg (1979). «The Sinaihalvøya borders 1906–1947». Journal of Contemporary Historie 14: 677–692. doi:10.1177/002200947901400406. 
  10. Yehudah Rapuano (2013). «An Early Islamic Settlement and a Possible Open-Air Mosque at Eilat». 'Atiqot 75: 129–165. 
  11. «Timna Copper Mines homepage». 
  12. Avi Shlaim; William Roger Louis (13. februar 2012). The 1967 Arab-Israeli War: Origins and Consequences. Cambridge University Press. s. 224. ISBN 978-1-107-00236-4. 90% of israelske oil was imported through the Straits of Tiran 
  13. Avi Shlaim; William Roger Louis (13. februar 2012). The 1967 Arab-Israeli War: Origins and Consequences. Cambridge University Press. s. 27. ISBN 978-1-107-00236-4. 
  14. «Daily brief to the U.S president on 27 May 1967» (PDF). 27. mai 1967. "diverted as was a sister ship yesterday 
  15. «Israel, Kina agree to build Eilat railway». Globes. 2012-07-03. Henta 6. september 2015. 
  16. 16,0 16,1 «Eilat Climate and Weather Averages, Israel». Weather2Travel. Henta 5. september 2015. 
  17. «Climate: Eilat - Climate graph, Temperatur graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 5. november 2013. 
  18. «Averages and Records for Eilat (Precipitation, Temperatur and Records [Excluding February, juli og august] written i page)». Israelsk meteorologiske institutt. 
  19. «Records Data for Israel». Israelsk meteorologiske institutt. 
  20. «Eilat Weather Averages». Climatemps.com. Henta 6. september 2015. 
  21. Artificial Reefs and Dive Turisme in Eilat, Israel Dan Wilhelmsson, Marcus C. Öhman, Henrik Ståhl and Yechiam Shlesinger Ambio, Vol. 27, No. 8, Building Capacity for Coastal Management (Dec., 1998), s. 764–766 Published by: Allen Press on behalf of Det kongelege svenske vitskapsakademiet [1]
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 22,4 22,5 «Sister Cities». Union of Local Authorities i Israel (ULAI). Henta 13. oktober 2014. 
  23. «What we do: Humanitarian Aid». Israel MFA. Arkivert frå originalen May 31 i 2010. Henta 6. september 2015. 
  24. «Facts about Durban». 7. september 2003. Henta 6. september 2015. 
  25. «Municipal Smolyan». Henta 6. september 2015. 
  26. «Weiterführende Informationen: Städtepartnerschaften». Israel MFA. Henta 6. september 2015. 
  27. «Eilat i Israel – Sister Cities of Los Angeles». Henta 6. september 2015. 
  28. «The anniversary of our sister city i Eilat». Henta 6. september 2015. 
  29. «Sopron i Ungarn i One Of Eilat_s Twin Cities». Eilat Today. Henta 13. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]