Einar Steensnæs
| Einar Steensnæs | |||
| Fødd | 10. mars 1942 (83 år) Haugesund kommune | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Einar Steensnæs (fødd 10. mars 1942) er ein norsk lektor og politikar frå Haugesund som har representert Kristeleg Folkeparti. Perioden 1989-90 var han statsråd i Syse-regjeringa og i 2001-04 var han statsråd i Bondevik II-regjeringa.
Steensnæs er utdanna cand.real. og arbeidde som lektor og inspektør ved vidaregåande skular i heimbyen Haugesund. 16. oktober 1989 vart han sjef for Kyrkje- og undervisningsdepartementet i den nyskipa regjeringa leia av Jan Peder Syse. Frå nyåret var han statsråd i Utdannings- og forskningsdepartementet, då det vart gjort endringar i departementstrukturen. Regjeringa fall hausten 1990 og gjekk av den 3. november. Frå 1993 var Steensnæs innvald på Stortinget for Kristeleg Folkeparti, og hadde sete på tinget fram til 2005. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av finanskomiteen. Frå 1997 til 22. mars 2000 var han sekretær i utanrikskomiteen, deretter var han leiar av komiteen ut stortingsperioden. Han var elles medlem av arbeidsordningskomiteen og valkomiteen i stortingsperioden 1997-2001. I sin siste periode på Stortinget var han medlem av næringskomiteen. Frå oktober 2001 var han sjef for Olje- og energidepartementet, ei stilling han hadde til 18. juni 2004. Han tok ikkje attval til Stortinget i 2005.
Steensnes var direktør ved Oslosenteret for fred og menneskerettigheter 2006–2009, og var seinare seniorrådgjevar same stad. Han var også norsk representant til og visepresident i UNESCO sitt eksekutivråd 2005–2009.[1][2] Steensnes har vore styreleiar i fleire statlege verksemder, blant anna i Noregs allmennvitskaplege forskingsråd og i styret for Statens næringsvirksomhet i utviklingsland (Norfund). Steensnes vart utnemnd til æresmedlem av Kristeleg Folkeparti i 2006.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Biografi: Einar Steensnæs». Stortinget.no. Henta 29. januar 2016.
- ↑ «Einar Steensnæs – Oslosenteret». Oslosenteret for fred og menneskerettigheter. Arkivert frå originalen 4. februar 2016. Henta 29. januar 2016.
- ↑ 80 års omtale i Aftenposten 10. mars 2022
- Denne artikkelen bygger på «Einar Steensnæs» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2013.
- Einskildmenn
- Fødde i 1942
- Norske kyrkje- og undervisningsministrar
- Norske olje- og energiministrar
- KrF-statsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Syse
- Statsrådar i Regjeringa Bondevik II
- Stortingsrepresentantar frå KrF
- Stortingsrepresentantar for Rogaland
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Ordførarar i Haugesund
- KrF-politikarar i Rogaland
- Folk frå Haugesund