Singularis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eintal)
Gå til: navigering, søk

Singularis eller eintal er eit grammatisk trekk i kategorien Numerus. Det er det umarkerte trekket i kategorien. I tillegg til å uttrykke at ordet som står i singularis refererer til ein referent, kan det også uttrykkje generisk referanse (setninga Bjørnen er eit pattedyr) refererer til alle bjørnar, sjølv om substantivet står i singularis. I mange språk står også substantivet i singularis etter talord, dette gjeld t.d. alle tyrkiske og uralske språk. I tyrkisk tyder baş «hovud», başlar er fleirtalsforma, men «fem hovud» er beş baş i singularis, ikkje i pluralis.