Hopp til innhald

Eirik Jensen-saka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eirik Jensen-saka er ei norsk straffesak mot politimannen Eirik Jensen og eit kriminelt nettverk som inkluderte narkotikasmuglaren Gjermund Cappelen. Saka byrja med at Jensen i 2014 vart arrestert og seinare åtala for grov korrupsjon og narkotikasmugling.

Jensen vart dømd 18. september 2017 i Oslo tingrett til 21 års ubetinga fengsel for grov korrupsjon, medverknad til narkotikasmugling og ulovleg våpeninnehav.[1] Han valde å anke saka til Borgarting lagmannsrett.[2][3]

Jensen har tidlegare jobba med tiltak mot organisert kriminalitet i politiet, der han var pådrivar for «dialogmodellen» som dreier seg om å skape tillit og kommunikasjon opp mot kriminelle miljø. Jensen arbeidde aktivt opp mot både gjeng- og mc-miljøet. Han har også utgitt ein sjølvbiografi og ein kriminalroman.

Jensen kom i 2015 med ei bok med si side av saka.[4]

Saka i Borgarting lagmannsrett byrja den 28. august 2018 og er venta vare til februar 2019.[5]

Jensen er no bedre førebudd enn i tingretten og meiner at eit løynleg politiprosjekt[6] med teieplikt hadde øydelagt forsvaret sitt i tingretten.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]