Eirik Kvalfoss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eirik Kvalfoss
Eirik Kvalfoss 1986.jpg
Fødd 25. desember 1959
Voss
Yrke skiskyttar
Eirik Kvalfoss på Commons

Eirik Kvalfoss (fødd 25. desember 1959) er ein norsk tidlegare skiskyttar frå Voss. Han tok tre medaljar under OL i 1984 i Sarajevo: gull på 10 kilometer, sølv på stafetten og bronse på 20 kilometer. For desse idrettsbragdane mottok han Fearnleys olympiske ærespris i 1984.

Kvalfoss fekk i alt 10 individuelle OL- og VM-medaljar i perioden 1982–1991, i tillegg fleire stafettmedaljer. Han fekk òg Morgenbladets Gullmedalje i 1983.