Aftenpostens Gullmedalje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Morgenbladets Gullmedalje)
Gå til: navigering, søk

Aftenpostens Gullmedalje er ein av dei høgste utmerknadene som vert utdelt innan norsk idrett. Gullmedaljen vart skipa i 1933 av Idrettsbladet. Året etter, i 1934, vart han overteken av Morgenbladet, og fekk namnet Morgenbladets gullmedalje. Frå 1993 til 1996 heitte prisen Stiftelsen Morgenbladets gullmedalje. Frå 1997 vart prisen heitande Aftenpostens Gullmedalje.

Ifylgje statuttane skal prisen delast ut for årets beste idrettsprestasjon, og kan berre gjevast éin gong til same idrettsutøvar.

Oversikt over prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Namn Klubb Idrett Merittar
1933 Sigurd Vestad Nordre Trysil IL Langrenn Siger på 50 km i Holmenkollen med ein margin på 8 minuttar.
1934 Johannes Bognerud IL i BUL Friidrett Norsk rekord og siger på 5 000 m i landskamp mot Sverige
1935 Hjalmar Johannesen Oslo Turnforening Friidrett Sigrar på 400 m og 800 m i landskamp mot Sverige
1936 Willy Røgeberg Oslo Østre Skytterlag Skyting Olympisk meister i frigevær med fullt hus og 300 poeng i Berlin.
1937 Michael Staksrud Hamar IL Skeiser Slo den 25 år gamle verdsrekorden til Oscar Mathisen på 1 500 meter.
1938 Hans Engnestangen Hamar IL Skeiser Verdsrekord på 500 meter med 41,8 sek.
1939 Lars Bergendahl Sørkedalens IF Langrenn Verdsmeister på 50 km under Ski-VM i Zakopane.
1940-
1945
- - - Prisen vart ikkje delt ut
1946 Godtfred Holmvang IL Tyrving Friidrett Europameister i tikampBislett.
1947 Leif Hveem Norsk Motor Klubb Motorsykkel Nordisk meister i langbane med ny banerekord i Solvalla.
1947 Hans Aasnes Oslo Sportsskyttere Skyting Verdsmeister i hjort dobbeltskot
1948 Thor Thorvaldsen Kongelig Norsk Seilforening Seiling Olympisk meister i drakebåt i London
1949 Hjalmar Andersen Falken Skeiser Europameister med verdsrekordtida på 10 000 m i Davos med 16.57,4.
1950 Martin Stokken Selsbakk IF Friidrett
1951 Stein Eriksen Ready, Oslo Alpint
1952 Hallgeir Brenden Vestre Trysil IF Langrenn Olympisk meister på 18 km i Oslo
1953 Audun Boysen IK Tjalve Friidrett Sette ny verdsrekord på 1000 meter med 2.20,4 på Bislett.
1954 Bjarne Lingås Arbeidernes Skøyteklubb Boksing Vann over Ingemar Johansson under ein bokselandskamp på Bislett stadion
1955 Lars L. Ese d.y. Balestrands skytterlag Skyting Vart skyttarkonge for fjerde gong under landsskyttarstemnet
1955 Erling Kongshaug Oslo Sporveisbetjenings Skytterlag Skyting Europameister i «englandsmatch» både individuelt og for lag.
1956 Egil Danielsen Hamar Idrettslag Friidrett Olympisk meister i spydkast, med ny verdsrekord på 85,71 meter i Sydney
1957 Knut Johannesen Arbeidernes Skøyteklubb, Oslo Skeiser Verdsmeister på allround i Östersund, Sverige.
1957 Magne Lystad Lunderseter IL Orientering Nordisk meister
1958 Inger Bjørnbakken Bærums skiklub Alpint Verdsmeister i slalåm i aussterrikske Bad Gastein.
1959 Sverre Stensheim IL Snøhetta Langrenn Suveren siger på 50 km under Holmenkollen skifestival
1960 Håkon Brusveen Vingrom IL Langrenn Olympisk meister på 15 km i Squaw Valley, USA.
1961 Åge Storhaug Klepp Turnforening Turn Nordisk meister
1962 Toralf Engan Idrettslaget Leik Skihopping Verdsmeister i normalbakke i Zakopane.
1963 Reidar Hjermstad Hernes IL Langrenn Fyrste dobbeltvinnar under Lahti-spelen med siger på både 15 km og 50 km.
1964 Terje Pedersen SK Vidar Friidrett Sette to verdsrekordar i spydkast med 87,12 og 91,72 meter
1965 Olav Jordet Vigelen Skytterlag Skiskyting Noregs fyrste individuelle verdsmeister i skiskytingElverum.
1965 Per Ivar Moe Oslo IL Skeiser Verdsmeister på både 15 km, 50 km og stafett i Oslo.

i allround på Bislett.

1966 Gjermund Eggen Engerdal SK Langrenn Verdsmeister på både 15 km, 50 km og stafett i Oslo.
1967 Berit Berthelsen IL Tyrving Friidrett Europameister innandørs (uoffisielt meisterskap) i lengdehopp.
1968 Magnar Solberg Trondhjems Skytterlag Skiskyting Olympisk meister på 20 kilometer i Grenoble
1969 Dag Fornæss Hamar Idrettslag Skeiser Allround verdsmeister i Deventer og europameister i Inzell.
1970 Stig Berge NTHI Orientering Verdsmeister individuelt og på stafett.
1971 Leif Jenssen Lenja Atletklubb Vektløfting Sølv i verdsmeisterskapen i mellomvekt.
1972 Knut Knudsen IL Sverre Banesykling Olympisk meister på 1000 m forfylgingsritt på bane i München.
1973 Oddvar Brå Idrettslaget Leik Langrenn Seire i Lahtispelen, Falunspelen og 50 km i NM.
1974 Sten Stensen Drammens Skøiteklub Skeiser Verdsmeister i allround i Innsbruck
1975 Alf Hansen og
Frank Hansen
Ormsund Roklub Roing Verdsmeistrar i dobbeltsculler.
1976 Ivar Formo Ski- og fotballklubben Lyn Langrenn Olympisk meister på 50 km i Innsbruck
1977 Grete Waitz SK Vidar Friidrett Siger i verdenscupen på 3000 meter i Düsseldorf
1978 Lene Jenssen Åsnes Svømmeklubb Symjing VM-sylv på 100 meter fri
1979 Einar Rasmussen og
Olaf Søyland
Flekkefjord Kajakk-klubb Padling Verdsmeistrar på K2 1000 meter
1980 Bjørg Eva Jensen IF Fram Skeiser Olympisk meister på 3000 m i Lake Placid
1981 Øyvin Thon Bækkelagets Sportsklubb Orientering Verdsmeister i Thun i Sveits
1982 Berit Aunli Strindheim IL Langrenn Verdsmeister på 5 km, 10 km og stafett i Oslo
1983 Eirik Kvalfoss Voss skiskyttarlag Skiskyting Verdsmeister på 10 km sprint
1984 Tom Sandberg Mo skilag Kombinert Olympisk meister på K90/15 km i Sarajevo
1985 Jon Rønningen Kolbotn Idrettslag Bryting Verdsmeister i 52 kg-klassen
1986 Ingrid Kristiansen IL i BUL Friidrett Sette verdsrekordar på 5 000 m (14.37,33) og 10 000 m (30.13,74)
1987 Torbjørn Løkken Biri IL Kombinert Verdsmeister på K90/15 km Oberstdorf
1987 Tone Nyhagen og
Knut Sæborg
Unge Sportsdansere Dans Verdsmeistrar i Latinamerikansk dansing
1988 Tor Heiestad Bærum Jeger- og Fiskeforening Skyting Olympisk meister i løpende villsvin i Seoul
1989 Ole Kristian Furuseth Ullensaker skiklubb Alpint 3 verdscupsigrar i slalåm og storslalåm.
1989 Rolf Thorsen og
Lars Bjønness
Horten roklubb og
Ormsund Roklub
Roing Verdensmeistrar i dobbeltsculler
1990 Johann Olav Koss Strømmen IF Skeiser Verdsmeister på allround i Innsbruck
1991 Irene Dalby Hamar IL Symjing Europameister på 400 m fri

og 800 m fri

1992 Linda Andersen Tønsberg Seilforening Seiling Olympisk meister i Europajolle i Barcelona
1992 Finn Christian Jagge Bærums Skiklub Alpint Olympisk meister i slalåm i Albertville.
1993 Espen Bredesen Oppsal IF Skihopping Verdsmeister individuelt i K120 og laghopp i Falun
1993 Knut Holmann Oslo Kajakklubb Padling Verdsmeister på K1 1000 m København
1994 Geir Moen Moss IL Friidrett Europameister på 200 meter og sølv på 100 meter i Helsingfors
1994 Monica Valvik Grenland sykleklubb Landevegssykling Verdsmeister i landevegssyklingSicilia
1995 Tommy Ingebrigtsen Byåsen IL / Trønderhopp Skihopping Verdsmeister i K120 i Thunder Bay
1996 Vebjørn Rodal Oppdal FIK Friidrett Olympisk meister med ny olympisk rekord på 800 meter i Atlanta
1997 Bjørn Dæhlie Nannestad IL Langrenn Verdsmeister på [10 km klassisk og 25 km jaktstart i Trondheim
1997 Hanne Haugland Minerva Friidrett Verdsmeister i høgde i Athen
1998 Ole Einar Bjørndalen Simostranda IL Skiskyting Olympisk meister på 10 km sprint i Nagano
1999 Lasse Kjus Bærums SK Alpint Verdsmeister i storslalåm og Super-G, samt sølv i slalåm, utfor og kombinasjonen i Colorado
2000 Trine Hattestad Minerva Friidrett OL-gull i spydkast i Sydney
2001 Olaf Tufte Horten Roklubb Roing VM-gull i singlesculler i Luzern
2002 Eirik Verås Larsen Flekkefjord Kajakklubb Padling Verdsmeister på K-1 1000 meter
2003 Petter Solberg Team Subaru Rally Gull i verdsmeisterskapen i rally for Subaru World Rally Team
2004 Gunn-Rita Dahle Sola Cykleklubb Terrengsykling Olympisk meister i Athen
2005 Marit Bjørgen Rognes IL Langrenn VM-gull på 30 km klassisk, lagsprint og stafett, samt sølv på jaktstart og bronse på 30 km fristil i Oberstdorf
2006 Kjetil André Aamodt Nordstrand IF Alpint OL-gull i Super-G i Torino i sin siste sesong som aktiv utøvar.
2007 Aksel Lund Svindal Nero Alpin Alpint VM-gull i storslalåm og utfor i Åre, samt siger i verdscupen samanlagt.
2008 Andreas Thorkildsen Kristiansands IF Friidrett OL-gull i spydkast i Beijing.
2009 Petter Northug Strindheim IL Langrenn VM-gull på 50 km fristil fellesstart i Liberec.
2010 Thor Hushovd Cervélo TestTeam Landevegssykling VM-gull i landevegssykling 2010.
2011 Alexander Dale Oen Bærumsvømmerne Symjing VM-gull på 100 m bryst.
2012 Sarah Louise Rung Madla Svømmeklubb Symjing Gull på 200 m fri under Paralympics 2012.
2013 Magnus Carlsen Sjakk VM-tittel 2013 i Chennai, India.
2014 Kjetil Jansrud Peer Gynt Alpinklubb Alpint Gull i super-G under vinter-OL 2014 i Sotsji. [1]
2015 Mats Zuccarello Aasen New York Rangers Ishockey

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]