Eirin Faldet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eirin Faldet

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. januar 1944 (80 år)
Oslo
Yrke politikar, sosialarbeidar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Eirin Faldet (fødd 5. januar 1944) er ein norsk politikar fødd i Oslo, busett i Trysil. Ho var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet og Hedmark fylke i tidsrommet 1985-2009.

Faldet arbeidde som lærar i Oslo og i Trysil i tida 1962-71. Ho var så sosialassistent i Trysil i to år og deretter sosialkurator same staden i fem år fram til 1978. Perioden 1978-81 arbeidde ho ved Sanderud psykiatriske sykehus og ved Avrusningsstasjonen i Oslo. Frå 1981 var ho leiar for utekontakten i Hamar.

Faldet vart innvald på Stortinget frå Hedmark i 1985 og deretter gjenvald fem gongar. I sin fyrste stortingsperiode var ho medlem av justiskomiteen, sekretær i denne frå regjeringsskiftet i mai 1986. Hausten 1989 vart ho medlem av sosialkomiteen, deretter medlem av samferdslekomiteen frå november 1990 då Gro Harlem Brundtland tok over som statsminister etter Jan P. Syse. Stortingsperioden 1993-97 var ho med i kommunalkomiteen, deretter var ho tilbake i samferdslekomiteen frå 1997 til 2001. Faldet var så medlem i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i perioden 2001-05, før ho avslutta stortingstida som medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen. Dei to siste stortingsperiodane var ho elles Stortingets varapresident.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]