Gro Harlem Brundtland
Gro Harlem Brundtland | |
![]() Gro Harlem Brundtland i 2011 Foto: Foreign and Commonwealth Office
|
|
Fødd | 20. april 1939 Bærum |
Gro Harlem Brundtland på Commons |
Gro Harlem Brundtland (fødd 20. april 1939) er ein norsk politikar og lege. Ho var den første kvinnelege statsministeren i Noreg.
Ho vart fødd i Bærum ved Oslo som dotter av statsråden og medisinsk professor Gudmund Harlem. Ho tok sjølv medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1963 og sidan "Master of Public Health" ved Harvard-universitetet i Sambandsstatane (USA) i 1965.
Gro Harlem Brundtland var miljøvernminister frå 1974 til 1979. Ho vart den første kvinnelege norske statsministeren då ho overtok etter Odvar Nordli og danna si første regjering frå februar til oktober 1981. Etter at regjeringa Willoch gjekk av etter eit kabinettspørsmål i mai 1986 danna ho si andre regjering som sat til oktober 1989. Då regjeringa Syse fall den 3. november 1990 danna ho si tredje regjering, som sat til 25. oktober 1996, då ho gjekk av og vart etterfylgd av Thorbjørn Jagland. Ho hadde allereie gått av som leiar av Arbeidarpartiet i 1992. Brundtland gjekk ihuga inn for norske EU-medlemskap, men tapte folkerøystinga om EU i 1994.
I 1998 vart Brundtland vald til generaldirektør for Verdas helseorganisasjon (WHO). Brundtland mottok tittelen som Policy Leader of the Year for koordineringa av arbeidet mot SARS-utbrotet i 2003. Ho gjekk av frå stillinga sommaren 2003. Etterfylgjar vart Jong-Wook Lee. Brundtland lever no eit roleg liv i Frankrike.
Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]
- 1988 Årets budeie
- 1988 Årets skandinav
- 1989 Third world prize
- 1989 Indira Gandhis pris for fred, nedrustning og utvikling
- 1988 Det europeiske miljøvernbyrås miljøvernpris
- 1989 Peace Link Woman of Peace
- 1990 Beyond War Award
- 1991 United Nations Association of Spain Peace Prize
- 1992 The Delphi Prize
- 1994 Der internationale Karls Preis zu Aachen
- 1994 Josef Brecht-prisen (Luxemburg) for spreiing av Europatanken om fred og samarbeid
- 1995 Fredsprisen "Women for peace", Roma
- 1995 Pris fra Kennedy Selskabet i Danmark, "Profiles of courage"
- 1997 Årets Peer Gynt
- 2002 Gøteborgs internasjonale miljøpris
- 2003 Luther L. Terry Award
- 2003 Landsforeningen for hjerte- og lungesykes ærespris
- 2004 Fredrikkeprisen, Norske Kvinners Sanitetsforenings ærespris
- 2006 Tahiti-prisen (Innsats for å auka kunnskapen om globale tilhøve og utviklingstrekk av tyding for Noreg og nordmenn)
- 2006 Albert-prisen (for sitt arbeid for berekraftig utvikling. Delt ut av Royal Society for the Encouragement of Arts, Manufactures and Commerce (RSA), London)
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Føregjengar Hiroshi Nakajima |
Generaldirektør i WHO 1998–2003 |
Etterfylgjar Lee Jong-wook |
Norske statsministrar etter 1945 | |
---|---|
Johan Nygaardsvold (1945) · Einar Gerhardsen (1945–51) · Oscar Torp (1951–55) · Einar Gerhardsen (1955–63) · John Lyng (1963) · Einar Gerhardsen (1963–65) · Per Borten (1965–71) · Trygve Bratteli (1971–72) · Lars Korvald (1972–73) · Trygve Bratteli (1973–76) · Odvar Nordli (1976–81) · Gro Harlem Brundtland (1981) · Kåre Willoch (1981–86) · Gro Harlem Brundtland (1986–89) · Jan P. Syse (1989–90) · Gro Harlem Brundtland (1990–96) · Thorbjørn Jagland (1996-97) · Kjell Magne Bondevik (1997–2000) · Jens Stoltenberg (2000–01) · Kjell Magne Bondevik (2001–05) · Jens Stoltenberg (2005–2013) · Erna Solberg (2013-) |
Norske miljøvernministrar | |
---|---|
Olav Gjærevoll (1972) · Trygve Haugeland (1972-73) · Helga Gitmark (1973) · Tor Halvorsen (1973-74) · Gro Harlem Brundtland (1974-79) · Rolf Hansen (1979-81) · Wenche Frogn Sellæg (1981-83) · Rakel Surlien (1983-86) · Sissel Rønbeck (1986-89) · Kristin Hille Valla (1989-90) · Thorbjørn Berntsen (1990-97) · Guro Fjellanger (1997-2000) · Siri Bjerke (2000-01) · Børge Brende (2001-04) · Knut Arild Hareide (2004-05) · Helen Bjørnøy (2005-07) · Erik Solheim (2007-2012) · Bård Vegar Solhjell (2012-2013) · Tine Sundtoft (2013-2015) · Vidar Helgesen (2015-2018) Ola Elvestuen (2018-) |
|
|
---|---|
Anders Andersen (1887–88) · Hans G. Jensen (1888–89) · Christian Holtermann Knudsen (1889–90) · Carl Jeppesen (1890–92) · Ole Georg Gjøsteen (1892–93) · Gustav Olsen-Berg (1893–94) · Carl Jeppesen (1894–97) · Ludvig Meyer (1897–1900) · Christian Holtermann Knudsen (1900–03) · Christopher Hornsrud (1903–06) · Oscar Nissen (1906–11) · Christian Holtermann Knudsen (1911–18) · Kyrre Grepp (1918–22) · Emil Stang d.y. (1922–23) · Oscar Torp (1923–45) · Einar Gerhardsen (1945–65) · Trygve Bratteli (1965–75) · Reiulf Steen (1975–81) · Gro Harlem Brundtland (1981–92) · Thorbjørn Jagland (1992–2002) · Jens Stoltenberg (2002–2014) · Jonas Gahr Støre (2014–) |
|
- Einskildkvinner
- Fødde i 1939
- Norske statsministrar
- Regjeringa Brundtland I
- Regjeringa Brundtland II
- Regjeringa Brundtland III
- Norske miljøvernministrar
- Statsrådar i Regjeringa Bratteli II
- Statsrådar i Regjeringa Nordli
- Ap-statsrådar
- Leiarar for Arbeidarpartiet
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Generaldirektørar i Verdshelseorganisasjonen
- Medlemmar av Det Norske Videnskaps-Akademi
- Kvinner i norsk historie
- Første kvinnelege stats- og regjeringsleiarar
- Norske legar
- Folk frå Bærum