Eivind Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eivind Henriksen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. september 1990 (33 år)
Oslo
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Sleggekast menn

Eivind Prestegård Henriksen (fødd 14. september 1990) er ein norsk sleggjekastar frå Oslo. Han vann sølvmedaljen i øvinga under dei olympiske sommarleikane i 2021 og bronsemedaljen i VM i friidrett 2022. Henriksen er medlem i IK Tjalve og norsk rekordhaldar i sleggjekasting. Tidlegare har han også kasta diskos.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Henriksen har fleire medaljar i sleggje og diskos frå NM i friidrett 2007-2011. Han deltok i sleggjekast under EM i friidrett 2012 i Helsingfors og fekk også delta under Sommar-OL 2012 i London.[1] I London-OL kasta han 74,62 meter og enda på ein 13. plass.[2]

Under EM i friidrett 2018 i Berlin vart han nummer fem, og forbetra norgesrekorden til 76,86 meter. Seinare same året flytte han rekorden til 78,25 meter.[3]

Henriksen kom på sjetteplass i VM i friidrett 2019 i Doha med eit lengste kast på 77,38 meter.[4]

Han deltok i sleggje under Sommar-OL 2020 i Tokyo. Der tok han ein overraskande sølvmedalje. Han oppnådde 81,58 meter, og vart med det første norske sleggjekastar over 80 meter.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Dagbladet, 12. juli 2012: Her er hele den norske OL-troppen
  2. «Olympics Site Closed | Olympics at Sports-Reference.com», www.sports-reference.com, arkivert frå originalen 22. august 2018, henta 2. mai 2022 
  3. abcnyheter.no (9. juni 2019): Overlegen norsk sleggerekord av Henriksen, hentet 4. august 2019
  4. NTB (2. oktober 2019), «Henriksen på 6.-plass i sleggefinalen», Nettavisen (på norsk), henta 2. mai 2022 
  5. Men's Hammer Throw Results (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 4. august 2021, henta 1. mai 2022 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]