Ektar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ektar
Ektara.JPG
KlassifiseringLutt
Hornbostel-Sachs klassifisering321.311

Iktar(a) eller ektar(a), som tyder 'ein streng', er eit indisk folkemusikkinstrument som blir brukt i store delar av Sør-Asia bordun- eller rytmeinstrument for å akkompagnera song. Instrumentet er laga av ein kalebass, kokosnøtt eller resonanskasse av tre dekt med skinn som ein har gjort fast ein todelt hals i og spent ein streng frå.

Iktar-spelaren held instrumentet om halsen like over resonanskassen og klimprar på strengen med peikefingeren på same handa. Om han dansar samtidig kan han halda resonanskassen med andre handa som han gjerne også held små bjøller i. Desse gjev lyd medan han slår handa mot kassen.[1] Dersom han pressar dei to delane av halsen mot kvarandre blir strengen lausare, og lyden blir lågare.[2]

Det finst ulike iktar-storleikar – sopran, tenor og bass. Bass-iktar blir tidvis kalla dotar(a) og har gjerne to strengar.[3]

Iktar blir brukt i tradisjonell og moderne musikk i Bangladesh, India og Pakistan.[4] Han blir mellom anna brukt til religiøs musikk, som baul, kirtan og sufimessing, og til folkemusikk som bhangra.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ektar». Oxford Music Online. Henta 18. september 2014. [daud lenkje]
  2. «Ektara». Musical Instruments Archives. Arkivert frå originalen 2014-09-08. Henta 15. september 2014. 
  3. Lillian Henry. «What is Kirtan Music». Entertainment Scene 360. Arkivert frå originalen 2014-07-01. Henta 17. september 2014. 
  4. Dilip Ranjan Barthakur (2003). The Music and Musical Instruments of North Eastern India. Mittal Publications. s. 129–. ISBN 978-81-7099-881-5.