Bhangra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baisakhibhangra i Kent i England.

Bhangra er ein folkemusikk- og dansetradisjon frå Panjab i India]], kjenneteikna av rytmisk tromming på dhol eller dholak, energiske armrørsler og hopp og fargerike kostyme. Stilen er blitt vidareutvikla både i Sør-Asia og i den sørasiatiske diasporaen, særleg i Storbritannia, med gjensidig påverknad mellom dei ulike miljøa.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bhangradansarar i Amritsar kledde i fargerike tradisjonelle dhotiar, kamizar og turbanar.
Kvinnelege bhangradansarar i fargerike salvar khamizar.

Namnet «bhangra» er avleidd av bhang, 'hamp', som lenge er blitt dyrka i Panjab. Dette var ein dans kjenneteikna av energiske hopp, spark og kroppsbøyingar som blei utført i samband med vårhøgtida baisakhi. Dansen blei opphavleg berre utført av menn, medan den tilsvarande kvinnedansen er giddha. Dansen blei utført til korte songar, boliyan, akkompagnert av ei stor, tosida tromme, dhol. Eine sida av tromma blir slått med ei stor og andre sida med ei lita stikke, noko som gjev musikken ein synkopert rytme. Denne rytmen har kjenneteikna ulike variantar av bhangra sidan. Andre panjabiske folkemusikkinstrument er mellom anna tumbi, chimta, sapera og sarangi.

Vidare utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Malkit Singh opptrer i London.

Frå midten av 1900-talet byrja musikkforma og dansen å bli kjend utanfor Panjab. Bhangra blei utvida til å utførast ved ulike feiringar og festivalar. Omgrepet blei utvida til også å visa til musikken ein dansa bhangra til, og musikkstilen blei utvida ved at ein kunne bruka mindre dholak-trommer, tabla og andre indiske instrument som fele, fløyte, harmonium eller siter til. Seinare på 1900-talet kom også vestlege instrument som trommesett, synthesiser, gitar, mandolin og saksofon til. På 1960- og 1970-talet blei bhangra spreidd i India av utøvarar som Kuldip Manak, Amar Singh Chamkila og A.S. Kang.

I Storbritannia laga britisk-indiske musikkgrupper som Alaap musikk som blanda bhangra og discoteknikkar. Seinare utøvarar blanda musikkstilen med inspirasjonar frå reggae, rapp og andre afroamerikanske og karibiske musikkstilar. Den første bølgja av vestleg bhangramusikk hadde kjerne i Southall i London, og fokuserte mest på dans og moro med svært enkle songtekstar. Rundt midten av 1990-talet byrja artistar som Apache Indian og Fun-Da-Mental å også ta opp meir seriøse tema, som rasisme og hiv/aids. Ein større bruk av engelsk eller både panjabi og engelsk i staden for berre panjabi gjorde musikkforma meir tilgjengeleg for eit større publikum. Indisk bhangra gjekk gjennom ei parallell utvikling, der utøvarar som Malkit Singh og Gurdas Maan til dømes kunne ta i bruk elektronisk musikk og song på forenkla panjabi og fleire andre indiske språk. Bhangra og bhangrainspirert musikk og dans er blitt vist i indisk film, og har dermed nådd ut til fleire.

Bhangra har spreidd seg vidare til mange delar av verda, som Nord-Amerika og Noreg.[1] Det er utvikla ei treningsform, «bhangra masala», som inneheld bhangraelement.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Magne Mellem Enoksen, «Lærte bhangra og dhol» (28.11.2012), dittoslo.no
  2. «Gratis Zumba og Masala Bhangra i hele oktober!», oslosurf.com