Elefantfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elefantfuglar
Aepyornis maximus.jpg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Paleognathae Palaeognathae
Orden: Aepyornithiformes
Familie: Elefantfuglar Aepyornithidae

Elefantfuglar eller madagaskarstrutsar er ein utdøydd fugleorden. Desse var kjempestore løpefuglar som i kvartær levde på Madagaskar. Dei vart først på 1500-talet utrydda av menneske. Dei vert rekna til dei ikkje flygedyktige (ratite) fuglane, saman med mellom andre struts og moafuglar. Fossile restar viser at det har vore minst tre-fire forskjellige slekter av madagaskarstrutsar, med ein rekkje artar. Den største var Aepyornis maximus, som var kring tre meter høg og ein av dei største fuglane ein kjenner til. Den minste arten var på storleik med ei gås. Det største kjende egget frå ein madagarskarstruts hadde eit volum på kring ni liter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]