Marco Polo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Marco Polo i den kinesiske byen Hangzhou.

Marco Polo (12548. januar 1324) var ein italiensk handelsreisande og oppdagar. Han voks opp i ein anerkjend handelsfamilie i Venezia, og hans far Nicolo Polo var ein handelsmann av adeleg byrd. Slekta hans hadde hatt handelshus i Venezia i meir enn 200 år.

Da han var fylt 15 år vende faren Nicolo og onkelen Maffeo tilbake etter nesten 10 års reise i Asia. Marco Polo hadde da aldri møtt far sin. Skildringane frå Nicolo og Maffeo Polo skulle danne grunnlaget for Marco Polo sine seinare oppdagingsreiser i Asia. I to år venta Nicolo og Maffeo Polo på utnemninga av ein ny pave, slik at dei kunne gje ein personleg bodskap frå Kublai Khan om at han ønskte at paven ville sende 100 lærde til hoffet hans i Kambalik. Etter det fór dei tilbake for å gje melding tilbake til Kublai Khan. På denne reisa fekk endeleg Marco Polo (17) bli med saman med far og onkel sin.

Han fór til Kina (som på den tida var under mongolherredømme). I Kina var han lenge i teneste hjå keisar Kublai Khan, soneson av Djengis Khan.

Marco Polo er namngjeten fordi reisa hans til Kina vart nedskriven og skildringa distribuert i Europa. Han skildra au tatarar som krigarar. Austen var på denne tida mystisk og ukjent for europearar. Da Marco Polo returnerte til Venezia 24 år seinare, hadde han sett og opplevd meir av Asia enn nokon annan europear tidlegare. Tre år seinare vart han kasta i fengsel som krigsfange i Genova, og i cella dikterte han til medfangen Rustichello av Pisa forteljinga om reisene sine. Denne forteljinga har vorte ståande gjennom tidene som den mest namngjetne Asiareisa, og namnet hans vart udøyeleg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marco Polo