Struts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Struts


Arten slettestrutsFoto: Andrew Massyn
Arten slettestruts
Foto: Andrew Massyn
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Struthioniformes
Familie: Struthionidae
Slekt: Struthio
Vitskapleg namn
Struthio
Strutseegg (frå Struthio camelus)

Struts, vitskapleg namn Struthio, er ei biologisk slekt av verdas største nolevande fuglar og er einaste slekta i strutsefamilien, Struthionidae, som igjen er einaste familien i den biologiske ordenen Struthioniformes.

Ein har funne 10 artar av slekta Struthio, 8 av desse er utdøydde. Dei tidlegaste fossila frå denne slekta er frå tidleg miocen, for 20-25 millionar år sidan, og kjem frå Afrika, så det er foreslått at dei oppstod der. Deretter hadde dei spreidd seg til Eurasia i midten til sein miocen, 5-13 millionar år.[treng kjelde] Ved ca. 12 millionar år hadde dei utvikla seg til storleiken som vi er kjent med i dag. På denne tida hadde dei spreidd seg til Mongolia og seinare til Sør-Afrika.[treng kjelde]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Struthio i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

  • Slettestruts, Struthio camelus, Common Ostrich, Linné, 1758, (LC)
  • Somalistruts, Struthio molybdophanes, Somali Ostrich, Reichenow, 1883, (VU)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017) (CSV), eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updates-corrections-august-2017/, henta 1. oktober 2017 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Struts