Elg i solnedgang

Elg i solnedgang er eit kjent motiv for bilde hengde opp i norske heimar i etterkrigsåra. Det finst fleire variantar av motivet, med bilde av elgar i skogen i solnedgang, dagslys, månelys og anna. Den nyromantiske kunstnaren Christian Skredsvig måla eit kjent måleri kalla Elg i solrenningen.[1] Elles er Gondro Elind opphavsmann til mangfaldiggjorte motiv.[2]
Etter den sterke populariteten i etterkrigstida gjekk motivet av moten på 1960- og 1970-talet. Det blei omtalt som «kitsch» eller «harry», det vil seia banalt, smaklaust eller folkeleg. Seinare har interessa for dei eldre bilda og for sjølve motivet teke seg opp att.[1]
Arne Lie Christensen tok for seg fleire døme på folkeleg kunst i Noreg i boka Elg i solnedgang – et kulturhistorisk blikk på bilder i 2020.[1][3]
I Tyskland har motiv av ein «brølande hjort» (Röhrender Hirsch) hatt same funksjon.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Haug, Leif Ø (6. januar 2021), «(+) Elgen som ikke ville dø», jaktogfiske.njff.no (på norsk bokmål), henta 14. desember 2022
- ↑ Nordbø, Nina (17. februar 2020), «7 bilder av den norske folkesjela», NRK (på norsk bokmål), henta 14. desember 2022
- ↑ Kraft, Nina (18. november 2020), «Snobberi i solnedgang», Kulturplot (på norsk bokmål), henta 14. desember 2022
- ↑ «Der röhrende Hirsch in | Schülerlexikon | Lernhelfer», www.lernhelfer.de, henta 6. september 2025