Hopp til innhald

Elias Arnesson Grønningsæter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elias Arnesson Grønningsæter
Fødd27. mars 1811
Død24. august 1894 (83 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
FarArne Ivarsson Grønningsæter
Alle verv

Elias Arnesson Grønningsæter (27. mars 181124. august 1894) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Norddal. Arne Ivarsson Grønningsæter var far hans, og Nils E. Grønningsæter son hans.

Grønningsæter var omgangskulelærar frå 1826, frå 1841 også kyrkjesongar, i Norddal. Han slutta i desse stillingane i 1873. 1843-79 var han med i heradstyret, ordførar frå 1848 i heile 32 år. Elles forlikskommissær 1852-84, samt mange år valmann.

Grønningsæter representerte Romsdals amtStortinget i 1854 og frå 1862 til 1873. I 1854 var han medlem av desisjonskomiteen, 1862-63 og 1868-69 vegkomiteen, 1864 jarnbanekomiteen. Også i vegkomiteen 1871-73, då attåt medlem av Lagtinget.

Grønningsæter døydde på Berdal i Norddal i 1894.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914