Elisabeth Meyer
| Elisabeth Meyer | |
Portrett av Elisabeth Meyer, 1924. Foto: Ernest Rude | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 15. november 1899 Tønsberg |
| Død | |
| Yrke | fotograf, journalist |
| Språk | norsk |
| Far | Samuel Boyesen Meyer |
| Elisabeth Meyer på Commons | |
Johanne Elisabeth Meyer (fødd 15. november 1899 i Tønsberg, død 10. juni 1968) var ein norsk fotograf og journalist. Meyer er mest kjend for det fotojournalistiske arbeidet ho gjorde under reisene sine gjennom Iran og India på 1920- og 1930-talet. Arbeida hennar inkluderer nokre av dei fyrste bileta av Mahatma Gandhi.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Meyer reiste på eiga hand rundt i Iran (Persia) omkring 1929, og kan ha vore den fyrste vestlege kvinna som vitja Iran på denne måten.[1] Det var totalforbod mot fotografering i Iran på denne tida; ho vart arrestert fleire gonger, men slapp unna med åtvaringar. I Tyrkia og Irak fekk ho møte dei øverste leiarane i landa, og vitja blant anna Kemal Atatürk og fekk sjå det private soverommet hans trekt i rosa silke.
I Irak intervjua ho kong Faisal i «hans palé litt utenfor Bagdad». Meyer vitja òg Syria, Mexico og Alaska. I India fekk ho i 1933 hjelp av den unge Indira Nehru til å møte den fengsla Mahatma Gandhi, og Meyer skildra møtet slik: «Enhver annen ville sett latterlig ut i det kostymet, men overfor Gandhi forstummer alt som heter kritikk. Jeg har aldri vært begeistret for ham, men – jeg er totalt omvendt. Han er et av de mest sympatiske mennesker jeg har truffet, han er virkelig en stor mann.»[1][2]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Meyer var fødd i Tønsberg i ein velståande familie. Faren hennar gav ho eit Kodak foldekamera som ho kunne ta med på reisene sine, og det ser ut til å ha vorte starten på den profesjonelle karrieren hennar. Ho vart medlem av Oslo kameraklubb i 1932, og reiste sidan til Berlin i 1937 for å studere fotografi ved Schule Reimann. Her var ho elev av Walter Peterhans og Otto Croy. Ho jobba som assistent for Joszef Pécsi i Budapest før ho drog tilbake til Noreg, der ho oppheldt seg under krigen. Meyer leverte stoff til blant anna National Geographic, Aftenposten og A-magasinet.[2]
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1930 – En kvinnes ferd til Persia
- 1933 – En kvinnes ferd gjennom India
- 1949 – De små og store dyra våre i bilder og tekst
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Golden North Salmon Derby, 1955
- Lama Aphur Yongden
- Mattis Johansen Pentha
- Mann med kløvhest, Setesdal
- Alaska, 1955
- Samar
- Tibet, 1932
- Alexandra David-Neels, Tibet, 1933
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Elisabeth Meyer» frå Wikipedia på bokmål, den 9. mars 2017.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Elisabeth Meyer (2013). Elisabeth Meyer – rapporter fra verden 1920–1950. Preus Museum. ISBN 978-82-7547-668-3.