Hopp til innhald

Eliteserien i handball 1974/75–Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eliteserien i handball 1974/75 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta for fyrste gong 10 lag og vart avvikla tida frå 22. september 1974 til 2. mars 1975.

Idrettslaget Vestar frå Oslo vart norsk seriemeister for fjerde gong i rad. Karen Fladset var som året før trenar og sentral spelar i eit mannskap der landslagsspelarar som Unni Anisdahl, Grethe Tønnesen, Kari Aagaard og målvakta Siri Keul bidrog mykje til triumfen.

Poengtabell

[endre | endre wikiteksten]
PlassLagKamparMålskårPoeng
1Vestar14239-15331
2Freidig14209-15927
3Skjeberg IF14186-15827
4Stabæk IF14204-19522
5Brandval14189-18018
6Nordstrand IF18205-19817
7Glassverket IF14148-14317
8Skogn IL14190-23210
9Kjelsås IL14172-1949
10Bryne HK14145-2752
  • Sportsboken 75. Dreyerbok Stavanger. 1975.