Eliteserien i handball 1975/76–Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eliteserien i handball 1975/76 for kvinner var den øvste avdelinga i seriesystemet for kvinner, arrangert av Norges Håndballforbund. Seriemeisterskapen omfatta for fyrste gong 12 lag og vart avvikla tida frå 14. september 1975 til 8. mars 1976.

Idrettslaget Vestar frå Oslo vart norsk seriemeister for femte gong i rad. Karen Fladset var som året før trenar og sentral spelar i eit mannskap der landslagsspelarar som Unni Anisdahl, Grethe Tønnesen, Kari Aagaard og målvakta Siri Keul bidrog mykje til triumfen.

Poengtabell[endre | endre wikiteksten]

Plass Lag Kampar Målskår Poeng
1 Vestar 22 282-155 40
2 Skjeberg IF 22 324-187 35
3 Nordstrand IF 22 273-220 30
4 Glassverket IF 22 216-209 28
5 Freidig 22 242-229 25
6 Brandval 22 250-226 24
7 Stabæk IF 22 214-219 22
8 Bækkelaget SK 22 226-227 28
9 Sverresborg IF 22 203-241 14
10 Kjelsås IL 22 210-243 13
11 Skogn IL 22 210-260 13
12 Bryne HK 22 154-298 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 76. Dreyerbok Stavanger. 1976.