Elling Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elling Wold
Fødd28. februar 1844
Død18. november 1922
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Elling Eriksson Wold (28. februar 184418. november 1922) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Sør-Aurdal i Oppland. Han representerte Venstre.

Wold var son til ein gardbrukar. Han tok sjølv over farsgarden i 1868 og dreiv han vidare til han skøytte han over på son sin. Wold var medlem av heradsstyret i Sør-Aurdal frå 1868 til -99, og på ny 1904-07. Ordførar var han periodane 1870-81, 1883-91, 1893-98 og 1904-07. Han var valmann frå 1869 til skipnaden vart avvikla etter stortingsvalet i 1903. Frå 1876 til -99 var han forlikskommissær, heldt fram i ombodet frå 1903. Kasserar i sparebank 1868-79 og styrar av Bagn spareforening 1876-82. Åra 1902-03 var han medlem av representantskapet i Noregs Bank.

Wold representerte Kristians amtStortinget frå 1892 til 1903 og Valdres krins perioden 1906-09. Han møtte første gongen på Stortinget den 12. mars 1888, som varamann og i staden for Walter Scott Dahl. På tinget fekk han sete i justiskomiteen. Som fast representant frå 1894 var han på alle stortinga medlem av budsjettkomiteen, sekretær 1898-1903 og 1906-09. Elles var han med i Lagtinget 1895-1903 og 1906-09, som sekretær dei to siste valbolkane. Også medlem av komiteen om manntalslova 1898-1900, av valkomiteen 1900-03 og 1908-09. I 1903 var han med i deputasjonen Stortinget sende til opninga av Ofotbanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914