Ellinor
Ellinor er eit kvinnenamn av uviss tyding. Namnet er kome til norsk gjennom engelsk (Eleanor, Elinor, Ellinore) frå fransk Eléonore, ei form av oksitansk Aliénor. Namnet er også kjend som Eleonora. Ei tysk form er Leonora, og det har elles kortformer som Ellen, Elly, Lore og Nora.
Ellinor har namnedag den 14. april i Noreg og den 11. juli i Sverige.
Tyding
[endre | endre wikiteksten]Namnet er blitt forklart som ei avleiing frå arabisk, kanskje med tydinga 'Gud er mitt lys', ei form av det greske Helena som tyder 'lysande', eller med eit germansk førsteledd 'ali' som tyder 'annan' eller 'framand'.
Namnet er kjend frå mellomalderdronninga Eleonora av Akvitania. Ho skal ha blitt kalla opp etter mora Ænor de Châtellerault. oppkallingsform, Alia-Ænor, der førsteleddet tyder 'andre' og Ænor er eit namn som tyder tyder 'lega' eller 'mjukna'.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Namnet blei utbreidd på grunn av Eleonora av Akvitania, som var dronning i Frankrike og England. Også to seinare engelske dronningar bar namnet: Eleanor av Provence og Eleanor av Castile.
Ellinor var mykje brukt i Noreg frå rundt 1920 til midten av 1950-talet. Bruken sokk etter dette, før han gjekk opp igjen på 2000-talet.
Namnet i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Namnet er kjend frå fleire skandinaviske songar. Evert Taube brukte det i fleire viser, som «Ellinor dansar», «Ellinors vals» og «Karl-Alfred och Ellinor». Dotter til Taube heitte Ellinor. «Ellinors vise», med tekst av Klaus Hagerup og melodi av Sverre Kjelsberg, er ein populær norsk song frå 1976. Songen startar med orda «Ka e det som æ drømme om...»
The Beatles hadde ein song som heitte «Eleanor Rigby» på albumet Revolver frå 1966.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Eleonora av Akvitania (1122–1204), europeisk dronning gift med Ludvig VII av Frankrike og Henrik III av England
- Eleanor av Provence, gift med Henrik III av England
- Eleanor av Castile, gift med Edvard I av England
- Elinor Glyn (1864–1943), britisk forfattar
- Elinor Wylie (1885–1928), USA-amerikansk diktar
- Ellinor Hamsun (1916-1987), norsk skodespelar
- Elinor Ostrom (f. 1933), USA-amerikansk samfunnsvitar og nobelprisvinnar
- Ellinor Rafaelsen (f. 1945), norsk forfattar
- Ellinor Flor (f. 1949), norsk kunstnar
- Ellinor Marita Jåma (f. 1971), sametingsrepresentant
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Ellinor» i Store norske leksikon, snl.no.
- Denne artikkelen bygger på «Ellinor» frå Wikipedia på bokmål, og «Ellinor» frå Wikipedia på svensk den 12. april 2009.