Frederic Leighton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Psykes bad, 1879

Frederic Leighton (3. desember 183025. januar 1896) var ein britisk målar og bilethoggar som arbeidde med historiske, bibelske og klassiske tema. Leighton var ein av dei fremste målarane i heimlandet i viktoriatida; i siste halvdel av 1800-talet var han den mest moterette biletkunstnaren i England. Suksessen hans bygde på at han makta å fange inn den viktorianske nostalgien og lengselen etter «gullalderen» i antikke Hellas og Roma.

Sjølvportrett, 1880

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Leighton var fødd i Scarborough og var av legeslekt. Han var elev ved University College School i London og fekk deretter kunstundervising på det europeiske kontinentet, fyrst av austerrikaren Edward von Steinle og sidan av italienaren Giovanni Costa. Ei tid studerte han ved 'Accademia di Belle Arti' i Firenze. Frå 1855 til 1859 budde han i Paris, der han møtte Jean Auguste Dominique Ingres, Eugène Delacroix, Camille Corot og Jean-François Millet.

I 1860 flytta Leighton til London, der han utfordra prerafaelittane. Leighton var delvis i opposisjon til den prerafaelittiske kunstretninga, og vart ein føregangsmann for den sentimentale klassisismen og idealismen som rådde grunnen gjennom den seinviktorianske epoken. I klassisk inspirerte verk som Clytie, Idyll og Greske jenter plukkar perler ved havet, avbilda Leighton ein idealisert versjon av fortida som samsvara med stemningane i dei britiske overklassemiljøa. Ved å kombinere ein feilfri måleteknikk med ein skarp sans for farge og komposisjon, skapte Leighton nokre av dei mest minneverdige britiske 1800-talsmåleria.

Skulpturen Atlet bryt med ein kvelarslange, som Leighton laga i 1877, vart i si tid sett på som å ha innleia ein renessanse for samtidig britisk skulptur, ofte referert til som «den nye skulptur». Leighton var medlem av Royal Academy of Arts frå 1869. Ni år seinare tok han over som president i foreininga, ein posisjon han hadde til han døydde i 1896. Måleri av Leighton representerte Storbritannia ved verdsutstillinga i Paris i 1900.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Frederic Leighton

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!