Eleanor Rigby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
«Eleanor Rigby»
Singel av The Beatles
frå albumet Revolver
A-side «Yellow Submarine»
Utgjeve 5. august 1966
Innspelt Abbey Road
28.-29. april 1966
Sjanger Barokk pop
Lengd 2:06
Selskap Parlophone (UK)
Capitol (USA)
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi
«Paperback Writer»
(1965)
«Eleanor Rigby» «Strawberry Fields Forever» / «Penny Lane»
(1966)


«Eleanor Rigby» er ein song av The Beatles som kom ut på albumet Revolver i 1966. Songen er hovudsakleg skriven av Paul McCartney.[1] Han er ein av dei mest utypiske og lettast gjenkjennelege av Beatles-songane med ein dobbel strykekvartett arrangert av George Martin og tekst om einsemd. Songen var eit framhald av den musikalske forvandlinga bandet starta med Rubber Soul frå å vere eit hovudsakleg pop-basert band til eit meir seriøst og eksperimentelt band.

«Eleanor Rigby» vert ofte skildra som ein klagesong for einsame menneske.[2] Songen gjev glimt frå liva til ei kvinne, Eleanor Rigby, og ein prest, Father MacKenzie. Han endar med gravferda til Eleanor Rigby der presten ikkje har nokon å tala for.

All the lonely people, where do they all come from?
All the lonely people, where do they all belong?

Paul McCartney
Communauté silhouette modif.jpg

Skriving[endre | endre wikiteksten]

Songen kom til då McCartney sat ved pianoet sitt. Det første namnet han kom på var ikkje Eleanor Rigby, men Daisy Hawkins. I tillegg hadde han namnet Father McCartney, men dette vart endra til Father MacKenzie fordi han var redd folk ville tru han song om sin eigen far.[3]

Songen vart skriven ferdig heime hos John Lennon med dei andre i The Beatles til stades. McCartney spelte gjennom songen medan dei andre kom med idear.[4]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Eleanor Rigby» har ikkje eit vanleg pop-arrangement, og ingen i The Beatles spelte instrument på songen, sjølv om både Lennon og George Harrison medverka med korvokal. I staden nytta McCartney ein dobbel strykekvartett som bestod av fire fiolinar, to celloar og to bratsjar. Partituret var skrive av produsent George Martin. Oktetten vart spelt inn 28. april 1966 i Studio 2 ved Abbey Road Studios og gjort ferdig i Studio 3 29. april og 6. juni. Det 15. forsøket vart nytta som master.[5]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

«Eleanor Rigby» vart gjeve ut samstundes med albumet Revolver den 5. august 1966 som ein singel med dobbel A-side. Den andre A-sida var «Yellow Submarine».[6] Singelen gjekk til topps i heimlandet Storbritannia, men nådde berre 11. plassen i USA. I Noreg vart songen marknadsført med «Yellow Submarine» som A-side, og det er denne som står oppført på VG-lista. Singelen låg 11 veker inne på Topp 10, og sju av desse på førsteplass.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Eleanor Rigby-statuen i Liverpool.
Foto: Erik Ribsskog

I enkelte referansebøker om klassisk musikk vert «Eleanor Rigby» nemnd på like linje med klassiske verk. Howard Goodall har kalla songen ei blanding av melodiar som kanskje berre Mozart kan måle seg med i europeisk musikkhistorie.[7]

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 138. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene i 2010.[8]

I Liverpool er det sett opp ein statue av Eleanor Rigby, laga av Tommy Steele og tileigna «all the lonely people».[9]

Forfattaren Douglas Coupland har gjeve ut boka Eleanor Rigby om ei anna kvinne som kjenner seg einsam og mislukka.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Personell per Ian MacDonald[10]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1966) Plassering
UK Singles Chart 1[11]
Canadian CHUM Chart 1
US Billboard Hot 100 11
Liste (1986) Plassering
UK Singles Chart 63

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Ei rekkje andre artistar har gjort sine eigne utgåver av «Eleanor Rigby». Av desse finn ein Joan Baez, Ray Charles, Tony Bennett, Aretha Franklin og Wes Montgomery

Songen har òg vorte sampla av fleire rapparar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 281. ISBN 0-8050-5249-6. 
  2. Bel Canto & the Beatles
  3. «Revolver: Eleanor Rigby». The Beatles Interview Database. Henta 15. desember 2008. 
  4. Steve Turner (1994). A Hard Day's Write: The Stories Behind Every Beatles' Song. New York: Harper.  Parameteren |isnbn= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  5. Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 77, 82. ISBN 0-517-57066-1. 
  6. Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. s. 200. 
  7. Howard Goodall's 20th Century Greats
  8. «Rocklist». Henta 14. mars 2018. 
  9. Let me take you down to Eleanor Rigby's statue, «Let me take you down to Eleanor Rigby's statue»
  10. MacDonald 2005, s. 203–205.
  11. «Official Singles Chart Top 50: 18. august 1966 through 24. august 1966». The Official UK Charts Company. http://www.officialcharts.com/charts/singles-chart/19660818/7501/. Henta 14. mars 2018. 
139:
 «Family Affair» 
Sly and The Family Stone
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene
138


The Beatles – «Eleanor Rigby»

137:
 «Your Song» 
Elton John