Hopp til innhald

Ellisfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ellisfjorden
fjord
Land  Antarktis
Del av Sørishavet
Koordinatar 68°36′S 78°5′E / 68.600°S 78.083°E / -68.600; 78.083
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Ellisfjorden
68°36′00″S 78°05′00″E / 68.6°S 78.0833°E / -68.6; 78.0833
Ellisfjorden is located in Antarktis
Ellisfjorden (Antarktis)

Ellisfjorden er ein lang, smal fjord mellom Breidneset og Mulehalvøya i Vestfold Hills i Antarktis. Han vart fotografert av Lars Christensen-ekspedisjonen (1936-37), og kartlagd av norske kartografar som ei bukt og restane av ein innsjø som vart kalla «Mulvik» og «Langevatnet». Analysar av John Roscoe frå flyfoto teken av U.S. Navy Operasjon Highjump (1946-47) synte at desse to hang i saman. Vika fekk det nye namnet Ellisfjorden av Roscoe etter Edwin E. Ellis, som var flyfotograf under U.S. Navy Operasjon Highjump då dei flydde over området.[1]

  1. «Ellis Fjord». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 1. desember 2012. 

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ellisfjorden» (innhald frå Geographic Names Information System).