Else Høst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Else Høst
Fødd11. mars 1908
Død1. august 1996
NasjonalitetNoreg
Yrkelitteraturhistorikar, filolog
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleGunnar Høst

Else Marie Høst (fødd 11. mars 1908 som Røysland, daud 1. august 1996) var ein norsk litteraturforskar og franskfilolog som utgav fleire lærebøker og også gjorde seg kjend som Ibsen-kjennar.[1][2]

Høst var fødd i Stavanger som dotter av Iver Johan Røysland (1870-1957) og Gustava Aldén (1875–1932).[3] I 1927 tok ho examen artium ved Kongsgård skule i Stavanger.[4] Etter eit studieopphald i Sverige i 1930 og ved det svenske instituttet i Roma 1931, gifta ho seg i 1931 med franskfilologen Gunnar Høst (1900–1983).[5] Ho studerte vidare ved Universitetet i Oslo der ho tok magistergraden i 1941 på avhandlinga Ibsens lyriske drama og doktorgraden i 1957 på ei avhandling om Ibsens Hedda Gabler.

Utgivingar[endre | endre wikiteksten]

  • Else Røysland og Gunnar Høst (1934). Voix de France: textes de phonographe. Oslo: Aschenhoug. 
  • Else Røysland og Gunnar Høst (1941). Moderne fransk. Oslo: Aschehoug. 
  • Else Høst (1958). Hedda Gabler: en monografi. Oslo: Aschehoug. 
  • Else Høst (1967). Vildanden av Henrik Ibsen. Oslo: Aschehoug. 
  • Else Høst og Gunnar Høst (1970). Fransk lesning. Oslo: Aschehoug. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fødsels- og dødsdatoar er frå Digitalarkivet
  2. Else Høst i Store norske leksikon.
  3. Else Marie Røysland hos geni.com.
  4. Stavanger Aftenblad: "NAVN OG NYTT", 4. mars 1968 s.4.
  5. Gunnar Høst i Norsk biografisk leksikon.