Hedda Gabler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tittelsida til Hedda Gabler-manuskriptet frå 1890.

Hedda Gabler er eit skodespel av Henrik Ibsen. Det kom ut i 1890.

Teikning av Christian Krohg frå Hedda Gabler i 1891.

Stykket hadde premiere ved Königliches Residenz-Theater i München i 1891, og blei seinare same året framført på Vaudeville Theatre i London og på Kristiania Teater i Oslo. Stykket blei ein verdssuksess etter ei oppføring på Broadway i USA med Minnie Maddern Fiske i hovudrolla, og har sidan vore sett opp ei rekkje gonger.

Plakat for Alla Nazimova som Hedda frå 1907.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Hedda Gabler er dotter av General Gabler, som har døydd utan å ha etterlate ho nokon formue. Ho er i slutten av tjueåra og etter nokre år med eit aktivt sosietetsliv, gifta ho seg med Jørgen Tesman. Jørgen har vokse opp hos sine to tanter Julle og Rina. Tante Julle er ein omsorgsfull person, som tek seg av Rina som ligg for døden. I slutten av skodespelet døyr Rina. Ekteskapet til Hedda og Jørgen er basert på at han blir professor ved universitetet. I løpet av knappe to dagar set Hedda i scene ei rekke handlingar som får dramatiske følgjer.

Handlinga i stykket byrjar med at Hedda og Jørgen Tesman kjem heim frå ei seks månadar lang bryllaupsreise. Medan Tesman har brukt mykje av tida til arbeidet sitt, har Hedda kjeda seg. Til trass for stor motvilje mot ektemannen har Hedda blitt gravid, noko ho har nekta for til dei rundt henne.

Tesman bli fortvila når han får høyra at han vil få konkurranse om stillinga til professorat av Hedda sin tidlegare flamme Ejlert Løvborg. Det ser derimot ut til at Hedda tek alt med slåande ro. Ejlert Løvborg er kjend som ein alkoholisert bohemtype, men dei siste åra har han levd eit nøkternt og tilbaketrukke liv. Ejlert har gitt ut ei bok som får veldig gode kritikkar, han har skrive manuskriptet, som han har berre eit eksemplar av, saman med Thea Elvsted. Maunskriptet blir skildra som «barnet» til Ejlert og Thea. Dette er noko som plagar Hedda.

Hedda og Ejlert spelt av Susanne Sheehy og Tom Bateman i 2005.

Ved byrjinga av stykket har Ejlert Løvborg komme til byen, og har med seg manuskriptet. Fru Elvsted, som er djupt forelska i Løvborg, har forlate mannen sin og reist etter han. Løvborg let seg provosere av Hedda til å bli med Jørgen Tesman og assessor Brack på fest. Der drikk han seg full, og mistar manuskriptet. Tesman finn manuskriptet og gir det til Hedda. Ejlert Løvborg fortel Hedda og Thea at han har rive i stykker maunskriptet. Dette gjer han for å skåne Thea. Til Hedda seier han at det verste ikkje er å drepe eit barn, det er endå verra å miste det. Hedda fortel ikkje Eilert at ho har manuskriptet hans, men oppfordrar han heller til å ta livet sitt «i skjønnhet». Ho gir han ein av dei gamle pistolane ho har arva frå faren sin, general Gabler. Denne løysinga er svært enkel for Løvborg, då slepp han fleire problem og han slepp å forklare seg til Thea fleire gonger. Etter at Løvborg har gått brenn Hedda manuskriptet hans.

Louise Dumont som Hedda Gabler på eit tysk frimerke frå 1976.

Seinare kjem assessor Brack for å fortelje nyheita om at Ejlert Løvborg er i ferd med å døy av eit sjølvpåført skot. Først når han er åleine med Hedda, gjev han detaljane rundt hendinga. Han fortel at Løvborg er funnen på eit horehus med ein avfyrd pistol i lomma, skuddet trefte underlivet. Assessor Brack fortel og at han kjende igjen pistolen, den var Hedda sin.

Fram til Brack fortel at pistolen Ejlert har skote seg med er gjenkjend, har Hedda full kontroll over alt ho føretek seg. Denne kontrollen forsvinn når Brack avslører at han, den einaste som veit kven pistolen høyrde til, har makt over Hedda gjennom å trua henne med avsløring og skandale.

Medan Hedda og assessor Brack snakkar saman, jobbar Jørgen Tesman og Thea Elvsted med å setje saman manuskriptet til Løvborg ved hjelp av små notatlappar. Dei går opp i arbeidet, og Tesman føreslår at assessor Brack kan underhalda Hedda medan dei arbeider. Heller enn å la Brack få kontroll over seg, går Hedda ut av rommet, tek den andre av faren sine pistolar, og skyt seg i tinninga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hedda Gabler