elva Hase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elva Hase
elv
none  Hase delar seg i to greiner ved Melle
Hase delar seg i to greiner ved Melle
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Lengd 193 km
Kjelde Teutoburgerskogen
Munning Ems
Wikimedia Commons: Hase

Hase er ei elv i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Ems frå høgre med ei lengd på 193 km. Delar av elva renn derimot til Else, som høyrer til vassystemet til Weser. Ho har utspring i Teutoburgerskogen, søraust for Osnabrück, på nordsida av den 307 meter høge åsen Hankenüll.

Vasskiljet Weser-Ems[endre | endre wikiteksten]

Etter om lag 15 km, nær Gesmold (om lag 6 km vest for Melle) deler Hase seg i to greiner, som hamnar på kvar si side av vasskiljet mellom Ems og Weser:

  • ein tredjedel av vatnet renn på sørsida av Wiehengebirge aust for Gesmold og inn i Else, som har sitt utspring her. Ho renn ut i Werre ved Kirchlengem (nord for Herford). Werre er ei sideelv til Weser.
  • to tredjedelar av vatnet renn nordvestover frå Gesmold mot Osnabrück, forbi byane nemnd nedanfor, mot Meppen, der ho munnar ut i Ems.

Byar ved Hase[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]