Hopp til innhald

Herford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herford
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Detmold
Landkreis Herford
Høgd 56–240 m
Areal 79,16 km²
Folketal 67 265 (31. desember 2023)
Grunnlagd 789
Postnummer 32049, 32051, 32052
Retningsnummer 05221
Bilnummer HF
Kart
Herford
52°06′52″N 8°40′24″E / 52.114569444444°N 8.6734305555556°E / 52.114569444444; 8.6734305555556
Wikimedia Commons: Herford

Herford er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 65 000 innbyggjarar. Byen er administrasjonsstad i kreisen med same namn og ligg i låglandet mellom fjellkjedene Wiehengebirge og Teutoburger Wald.

Herforder Münster i Herford.

Herford ligg sør for Wiehengebirge (Ravensberger Hügelland). Det høgaste punktet er Dornmountain på 240 m i bydelen Schwarzenmoor. Det lågaste punktet, på 56 m, eligg i Werretal i bydelen Falkendiek. Elva Aa munnar ut i Werre i sentrum av byen. Stuckenberg ligg aust for byen.

Byen vart grunnlagd i 789 av Karl den store for å vakte ein vadestad over eit smalt punkt i elva Werre. Eit hundreår seinare voks Matilda, dotter til Theudebert, hertug av Sachsen, opp i klosteret i Herford. Ho var etterkomar etter etter den sachiske leiaren Widukind. I Hereford møtte ho Henrik Fuglefangar, som seinare vart konge av Tyskland.

Seint i mellomalderen vart Herford medlem av Hansaen. Han vart ein fri keisarby, altså direkte underlagt keisaren, men mista denne statusen etter freden i Westfalen i 1648, då han vart annektert av Brandenburg.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Herford