Elvemusling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Elvemusling
Elvemuslingar under vatn
Elvemuslingar under vatn
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Status i Noreg: VU Sårbar[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Klasse: Muslingar Bivalvia
Underklasse: Palaeoheterodonta
Orden: Unionoida
Familie: Elvemuslingar Margaritiferidae
Slekt: Margaritifera
Art: Elvemusling M. margaritifera
Vitskapleg namn
Margaritifera margaritifera

Elvemusling eller elveperlemusling (Margaritafera margaritafera) er ein ferskvasslevande musling som finst i temperert, rennande vatn på den nordlege halvkula. Arten er truga av utrydjing, hovudsakleg på grunn av forsuring av vassdrag. I tidlegare tider var han òg ein viktig ressurs som produsent av perler.

Elvemuslingen heldt til i låglandet i elvar med stille til middels straum. Dei finst på dei fleste typar substrat, og lever av mikroorganismar dei filtrerer or vatnet med gjellene sine. Larvane lever parasittisk i gjellene til laks eller aure.

Bestanden i Noreg er mellom dei sterkare i verda, men han er likevel rekna som sårbar av norsk raudliste. Særleg sør for Dovre er bestanden på veg ned; mykje fordi det ikkje skjer formeiring i nokon særleg grad. Dette kan ha fleire årsaker, mellom anna endringar i vertsdyrbestandane eller at dei individa som finst er over formeiringsdyktig alder.

Elvemuslingen kan bli fleire hundre år gamal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]