Isle of Wight

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Isle of Wight
Motto: All this beauty is of God
Geografi
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
OpphavHistorisk
Region Søraust-England
Areal 384 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2008)
- Folketettleik

140 000
364,6 /km²
Etnisitet
Distrikt

ingen

Isle of Wight er ei øy og eit grevskap i England, 5-8 km utanfor sørkysten av England i Den engelske kanalen. Ho er skild frå fastlandet av sundet Solent og ligg sør for grevskapet Hampshire. Øya er kjend for den vakre naturen og feriestadane, som har vore populære sidan viktoriansk tid.

Øya har ei rik historie, inkludert ein kort periode som sjølvstendig kongedømet på 1400-talet. Ho var heimstaden til diktaren Alfred Tennyson og dronning Victoria bygde ein av sommarbustadane sine her. Den maritime og industrielle historia til øya omfattar skipsbygging, seglmaking, produksjon av flybåtar, den første luftputeskipet i verda og testing og utvikling av britiske romrakettar. Her vert Isle of Wight International Jazz Festival, Bestival og den nyoppretta Isle of Wight Festival halde. Sistnemnde festivialen i 1970 var ein av dei største rockehendingane som nokon gong er halde.[1] Øya har eit uvanleg dyreliv og nokre av dei rikaste dinosaurfossilfunna i Europa.

Ho var tidlegare ein del av Hampshire; men vart eit sjølvstendig administrativt grevskap i 1980. I 1974 vart det eit ikkje-metropolitansk og seremonielt grevskap.

Ein kan lett nå øya frå Portsmouth med luftputeskip. Det går òg mange passasjerbåtar over Solent: ruta frå Southampton til Cowes er 16 km lang, ruta frå Portsmouth til Ryde Pier er 8 km lang, ruta frå Portsmouth Gunwharf til Fishbourne er 11 km lang og ruta frå Lymington til Yarmouth er 6 km lang.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Isle of Wight er først nemnd i skriftlege kjelder i Geographia av Klaudios Ptolemaios.

Mot slutten av Romarriket hadde øya Vectis vorte eit jysk kongedømet styrt av kong Stuf og etterkomarane hans fram til 661, då ho vart invadert av Wulfhere av Mercia og med tvang omvendt til kristendomen. Då han reiste attende til Mercia, gjekk øybuarane tilbake til heidenskap.

I 685 vart øya invadert av Caedwalla av Wessex og kan frå den tid reknast som ein del av Wessex. Etter at dei vestsaksiske kongane tok trona i heile England, vart øya ein del av England. Øya vart ein del av Hampshire og vart delt inn i fleire hundred, som då var vanleg.

I 686 vart øya den siste delen av landet som vart omvendt til kristendomen.[2][3][4]

Øya vart hardt råka av plyndringstokta til vikingane. Marinen til Alfred den store slo danskane i 871 etter at dei hadde herja Devon og Isle of Wight.

Minnesmerke for Karl I ved Carisbrooke Castle

normannarane erobra England, vart det oppretta ein lord på Isle of Wight. Carisbrooke Priory og festninga Carisbrooke Castle vart då bygd. Øya kom ikkje under full kontroll for krona før ho vart seld på dødsleiet av den siste normanniske lorden, Lady Isabella de Fortibus til Edvard I i 1293.

Herskapet vart så utpeikt av kongen, bortsett frå ein kort periode då Henry de Beauchamp, 1. hertug av Warwick i 1444 vart krona til konge av Isle of Wight[5] av kong Henrik VI sjølv. Utan mannlege arvingar døydde kongetittelen med Henry de Beauchamp.

Henrik VIII, som utvikla Royal Navy og ein permanent base i Portsmouth, bygde festningsverk på øya ved Yarmouth, East og West Cowes og Sandown. Mykje seinare, etter at den spanske armadaen i 1588 truga med åtak, vart dei ytre festningsverka på Carisbrooke Castle bygd mellom 1597 og 1602.

Under den engelske borgarkrigen flykta kong Karl til Isle of Wight, der han trudde han ville få sympati hos guvernøren Robert Hammond. Hammond forferda og tok kongen til fange i Carisbrooke Castle. Karl hadde opphavleg tenkt å flykte til Jersey, men gjekk seg bort i New Forest og missa båten.

Osborne House og området rundt er no open for ålmenta.

Under sjuårskrigen vart øya nytta som utgangspunkt for britiske troppar i felttoget mot franskekysten, som raidet mot Rochefort. Under den planlagde franske invasjonen i 1759 vart ein større britisk styrke halde på øya, slik at dei raskt kunne kom seg kvar som helst langs den sørlege engelske kysten. Franskmennene avlyste invasjonen etter slaget ved Quiberon Bay. Ein seinare planlagt fransk invasjon involverte landgang på Isle of Wight.[6]

Dronning Victoria bygde Osborne House på Isle of Wight som sommarhus. Som følgje av dette reiste mange fasjonable viktorianarar til øya på ferie, som Alfred Tennyson, Julia Margaret Cameron, Charles Dickens (som skreiv mykje av David Copperfield der) og medlemmer av den europeiske adelen.

Under regjeringstida hennar, i 1897, vart den første radiostasjonen[7] oppretta her av Marconi, heilt vest på øya ved The Needles.

Under den andre verdskrigen vart øya ofte bombardert. Øya låg nær Frankrike og hadde mange observasjonsstasjonar og sendarar. Needles-batteriet vart nytta til testing og utvikling av romrakettane Black Arrow og Black Knight, som til slutt vart skotne opp frå Woomera i Australia.

Isle of Wight Festival var ein særs stor rockefestival som fann stad nær Afton Down vest på Wight i 1970, etter to mindre konsertar i 1968 og 1969. 1970-utgåva er kjend som den siste offentlege konserten til Jimi Hendrix og for det høge publikumstalet, som av mange er estimert til rundt 600 000.[8] Festivalen vart gjenoppteken i 2002 og er no ei årleg hending.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Isle of Wight Festival history, arkivert frå originalen 21. april 2007, henta 19. november 2009 
  2. Saxon Graves at Shalfleet Arkivert 2006-11-01 ved Wayback Machine., Isle of Wight History Centre, August, 2005
  3. England, A Narrative History, Peter N. Williams
  4. The English Accept Christianity, The Story of England, Samuel B. Harding
  5. William Camden, Britain, or, a Chorographicall Description of the most flourishing Kingdomes, England, Scotland and Ireland (London, 1610)[daud lenkje]
  6. Longmate, Norman. Island Fortress: The Defence of Great Britain, 1603-1945. London, 2001. s.186-88
  7. Connected Earth: The origins of radio, arkivert frå originalen 17. september 2009, henta 19. november 2009 
  8. Movies, arkivert frå originalen 9. november 2007, henta 19. november 2009