Embrace of the Serpent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Embrace of the Serpent
El abrazo de la serpiente.png
OpphavslandColombia,
Venezuela,
Argentina
Språk
  • ocaina
  • cubeo
  • ticuna
  • wanano
  • spansk
  • portugisisk
  • tysk
  • katalansk
Sjangereventyrfilm, dramafilm
RegiCiro Guerra
ProdusentCristina Gallego
ManusCiro Guerra, Q98755332 Sjå dette på Wikidata
MedverkandeJan Bijvoet, Brionne Davis Sjå dette på Wikidata
Filmselskap
  • Buffalo Films
  • Buffalo Producciones
  • Caracol Televisión
  • Ciudad Lunar Producciones
  • Dago García Producciones
  • MC Producciones
  • Nortesur Producciones
Utgjevingsår2015
Lengd125 min.

Embrace of the Serpent (spansk El abrazo de la serpiente) er ein kolombiansk, internasjonalt samprodusert, film frå 2015, regissert av Ciro Guerra etter eit manus av Guerra og Jacques Toulemonde Vidal. Filmen følgjer to reiser med tretti års mellomrom i den kolombianske delen av Amazonas. Begge elvereisene er gjort under leiing av urfolksjamanen Karamakat og begge er søk etter den sjeldne planten yakruna. Filmen, som er skoten i svart-kvitt, vart inspirert av reisedagbøkene til den tyske etnografen Theodor Koch-Grunberg og biologen Richard Evans Schultes frå USA. Underliggande tema i filmen er gummiboomen i Amazonas og kolonialismen, og filmen er dedisert til tapte amazonaskulturar. Den svart-kvite kinematografien har likskap med daguerreotypifotografering av oppdagarar frå det tjuande hundreåret som opphavleg dokumenterte Amazonas og inspirerte filmen.[1]

Embrace of the Serpent fekk først heider under Director's Fortnight-delen på filmfestivalen i Cannes 2015, der vann han Art Cinema Award. Etter det blei han synt fram i Colombia frå den 21. mai 2015, og over heile verda i løpet av dei følgjande tolv månadene. Han har fått universell heider frå kritikarar, som roste kinematografien og skildring av den kvite kolonialismen sin øydelegging av amazonasregnskogen og innverknaden på levesettet der. Filmen har vunne ei lang rekke prisar, inkludert Alfred P. Sloan-prisen på Sundance Film Festival 2016, Grand Jury-prisen for beste bilde på Riviera International Film Festival 2017, og sju prisar ved den tredje Platino Awards 2015, inkludert Platino Award for beste ibero-amerikanske film. I 2016 vart filmen sendt inn som Colombia sin kandidat til kategorien beste framandspråklege film ved den 88. Oscar-utdelinga. Han vart inkludert blant dei fem siste nominerte, og vart med det den første kolombianske filmen nokosinne som fekk ein nominasjon til ein Oscar-pris.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Utsikt frå ein av toppane av Cerros de Mavecure kor sluttscena av filmen går føre seg

Filmen fortel to historier som hende i kolombiansk Amazonas med tretti års mellomrom. I filmen er historiene fletta saman, i begge historiene har sjamanen Karamakate ei hovudrolle. Karamakate er den siste overlevande frå stammen sin. I 1909 reiser han med den tyske Theo von Martius, og i 1940 saman med ein USA-amerikansk forskar, Evan. Begge reisene er for å leite etter den sjeldne, mystiske og heilage yakruna-planten som kan kurere einkvar sjukdom.[2]

Theo, ein etnograf frå Tübingen som allereie har budd i Amazonas i fleire år, er mykje sjuk og på reise i ein kano med feltnotata sine saman med ein person som han hadde redda frå slaveri på ein gummiplantasje. Han søker etter yakruna som skal vere den einaste kuren mot sjukdommen. Theo finn Karamakate som handsamar Theo med noko som kan vere eit hallusinogen framstilt av ein regnskogsplante. Karamakate sluttar seg motvillig til reisefølgjet og alle tre set ut på elva med kanoen for å søke etter yakruna-planten. Vi får seinare vite at Theo ikkje overlevde reisa.

Mange år seinare reiser ein USA-amerikansk botanikar, Evan, på elva og treffer ein mykje eldre Karamakate som no tilsynelatande har gløymt skikkane til sitt eige folk. Evan seier at han håper å fullføre Theo sitt oppdrag, og Karamakate hjelper, igjen motvillig, og seier at kunnskapen hans er brukt opp. Evan har med ei bok om Theo sin siste tur, som hjelparen hans hadde sendt tilbake til Europa. Karamakate samtykker i å hjelpe berre fordi Evan seier han vigd livet til å studerer plantar. Men det eigentlege føremålet med reisa til Evan er å sikre sjukdomsfrie gummitre, fordi USA sine forsyningar med gummi frå Søraust-Asia hadde gått ned på grunn av japanske krigshandlingar.

Begge ekspedisjonane treffer på ein spansk katolsk misjonsstasjon ved elvebreidda. I 1909 er stasjonen driven av ein sadistisk, spansk prest som mishandlar foreldrelause gutar. I 1940 er stasjonen leidd av ein brasiliansk figur som meiner han er Messias. Han stoler berre på besøkande når han trur dei er dei heilage tre kongar, men Karamakate vinn respekt sin når han lækjer presten si kone. No har barna frå 1909 vakse opp til å bli forstyrra og valdelege følgjarar.

Tilbake til 1909 kjem den sjuke Theo til ein grensepost som blir invadert av kolombianske soldatar under gummiboomen i Amazonas. Her blir den heilage yakruna-planten misbrukt av rusa menn, og i motsetnad til lokale tradisjonar blir planten dyrka. Karamakate vert rasande og øydelegg plantane. I 1940 viser Karamakate Evan staden for opphavet til yakruna-planten på det kuppelforma fjellet Cerros de Mavecure. Han syner fram ein yakruna-blomst på den siste planten som eksisterer - han har øydelagt alle dei andre - og lager eit preparat av planten til Evan. Preparatet er hallusinogent, det hjelper Evan til å gjennomgå ei overmedviten oppleving. Medan filmen elles er i svart-kvitt, blir denne opplevinga delvis illustrert i farger for å framheve intensiteten.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Før produksjonen starta, brukte regissøren to og eit halvt år på undersøkingar i kolombiansk Amazonas. Dei utforska ein del av jungelen i nordvest som enno ikkje hadde vorte sterkt rørt av turisme eller handel, og etter å ha fått løyve frå lokalsamfunnet tok dei avgjersle om å bruke staden til opptak.[3] Førproduksjonen og filmopptaka skjedde i løpet av tre månader med hjelp av rundt 40 menneske utanfor Amazonas og 60 personar frå urfolk i Amazonas. Regissøren samarbeidde mykje med lokalsamfunnet og inviterte dei til å delta både framføre og bak kamera. For å unngå problem årsaka av det tøffe miljøet, lærte urfolket mannskapet om korleis dei skulle arbeide med jungelen og utførte ritual for åndeleg vern. Det hende ingen ulykker, ingen vart råka av sjukdommar, og opptaka gjekk greitt.[4] I tillegg lét Guerra urfolket omsetja manuset, der dei omarbeidde delar for å gjere det meir nøyaktig.

Inírida-elva forbi Cerros de Mavicure
Foto: Carlos E Duarte

Embrace of the Serpent vart filma i Amazonasregionen i Colombia. Opptaka vart gjort over sju veker i Vaupés-departementet, og i ei veke i Guainía-departementet.[5] Stader som er representerte i filmen inkluderer:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Berghahn, Daniela (2017). «Encounters with Cultural Difference: Cosmopolitanism and Exoticism in Tanna (Martin Butler and Bentley Dean, 2015) and Embrace of the Serpent (Ciro Guerra, 2015)» (PDF). Alphaville: Journal of Film and Screen Media (14): 16–40. 
  2. Hoffman, Jordan (17 February 2016). «Embrace of the Serpent review – dreamlike exploration of the Amazon's imperialist pollution». The Guardian. Henta 29. mars 2020. 
  3. Woodward, Adam (8. june 2016). «Tropical malady – making a film in the heart of darkness». Little White Lies. Henta 29. mars 2020. 
  4. Salas, Camilo (8 January 2016). «'Embrace of the Serpent' Is a Violent, Psychedelic, Film About the Colonisation of the Amazon». Vice. Henta 29. mars 2020. 
  5. Ramos, Nick (9. mai 2016). «EXCLUSIVE: Embrace of the Serpent Star on Making Film». MoreMentum. Henta 29. mars 2020.