Emil Hegle Svendsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Emil Hegle Svendsen
Emil Hegle Svendsen.JPG
Fødd 12. juli 1985
Trondheim
Emil Hegle Svendsen på Commons
Emil Hegle Svendsen (2008)

Emil Hegle Svendsen (fødd 12. juli 1985) er ein norsk tidlegare skiskyttar og langrennsløpar frå Trondheim. Han representerte Trondhjems Skiskyttere og Strindheim ski, langrennsavdelinga til Strindheim IL. Hegle Svendsen fekk sitt definitive gjennombrot då han vann to gull (20 km og fellesstart) under VM i Skiskyting 2008 i Östersund. I tillegg har Svendsen vorte juniorverdsmeister i skiskyting fleire gonger samt at han har medaljar frå juniorverdsmeisterskap i langrenn. Han har tolv gull og og seks sølv frå VM i skiskyting og fire gull, tre sølv og éin bronse frå olympiske leikar. Han har 37 verdscupsigrar i skiskyting, og han vant verscupen samanlagt sesongen 2009/2010. Svendsen var elev ved NTG Lillehammer i åra 2002-2004.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Svendsen er fødd og oppvaksen i Trondheim. I 2001 flytta han til Lillehammer og byrja på Norges Toppidrettsgymnas der.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

2003/2004 - Juniorverdsmeister[endre | endre wikiteksten]

Svendsen vant jaktstarten i junior-VM i Haute Maurienne, og gjekk ein etappe på det norske stafettlaget som og vant gull.

2004/2005 - Juniorverdsmeister igjen[endre | endre wikiteksten]

Svendsen deltok i to junior-VM denne sesongen, både langrenn og skiskyting.VM i langrenn blei arrangert i finske Rovaniemi, og Svendsen tok bronsemedaljen på 10 km fri teknikk med landsmannen Petter Northug som gullvinnar. Svendsen gjekk ankeretappen på det norske laget som tok sølv på stafetten.

I skiskyttar-VM for juniorar var han tilbake i Finland, denne gong i Kontiolahti. Han blei verdsmeistar på både 15 km på sprintdistansen, og tok søv som tittelforsvarar på 12,5 km jaktstart.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Berre individuelle medaljar

Verdsmeisterskapen i skiskyting

  • 2 gullmedaljar (20 km og fellestart i 2008)

Enkeltrenn i Verdscupen i skiskyting

  • 3 sigrar
  • 1 andreplass
  • 3 tredjeplassar

I tillegg har Emil Hegle Svendsen ein bronsemedalje frå VM-stafetten i 2007, sølv frå stafetten i 2008 og gull på stafetten i 2009.