Petter Northug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Petter Northug under Ski-VM 2011.
Petter Northug jr. under Kirkebakken Grand Prix på Hamar.
Foto: Cato Edvardsen (2007)

Petter Northug jr. (fødd 6. januar 1986) er ein norsk langrennsløpar. Han vert trena av Thomas Alsgaard og går for skiklubben i Strindheim Idrettslag. Skimerket han nyttar er Fischer. Northug fekk det internasjonale gjennombrotet sitt i 2006 og har etter det utvikla seg til å verte ein av dei fremste mannlege langrennsløparane i verda. Den største meisterskapen hans til no er Ski-VM 2009, der han vann to individuelle gull, samt eitt stafettgull.

Petter Northug er kjend som ein av dei beste spurtarane i verda, og ved fleire høve har han demonstrert eit taktomslag og eit rykk som få skiløparar i verda greier å følgje han på. Spesialiteten hans må seiast å vere fellesstartar i fri teknikk. Han har til saman vunne fire VM-gull, der to av dei er individuelle. I tillegg står han med tre enkeltsigrar i verdscupen, per mars 2009.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Gjennombrot (2006)[endre | endre wikiteksten]

Northug vart i januar 2006 noregsmeister på 30 km dobbel jaktstart etter å ha slått Frode Estil i spurten. Dagen etter gjekk han ankeretappen for Strindheim IL på NM-stafetten. Igjen var han involvert i eit spurtoppgjer, og sikra gullet før Tore Ruud Hofstad frå Lillehammer. Trass i desse resultata fekk han ikkje plass i den norske troppen til OL i Torino.[1]

Under junior-VM i Kranj i Slovenia 1.5. februar 2006, vann Northug alle dei tre individuelle øvingane (sprint, 10 km klassisk og dobbelt jaktstart), og var i tillegg med på det vinnande norske stafettlaget.

8. mars same år kunne han feire den fyrste sigeren sin i eit verdscuprenn, og vart samtidig den yngste mannlege vinnaren av eit verdscuprenn nokon gong. I Falun vann han dobbel jaktstart (10 km klassisk + 10 km fristil), etter å ha vunne ein spennande spurtstrid før tyskarane Tobias Angerer og Axel Teichmann.

Øvst i verdseliten (2007–2009)[endre | endre wikiteksten]

Det fyrste VM-gullet som senior vann Northug som ankermann på stafetten då han spurtslo Russland og Sverige under Ski-VM 2007 i Sapporo.

Northug vart nummer fire i Tour de Ski 2006/07, og under Tour de Ski 2007/08 vann han sprinttrøya saman med Tor Arne Hetland. Han vart nummer åtte samanlagt og vann i tillegg sprinten i Asiago.

Grunna spurteigenskapane sine er Northug best i fellesstartar og stafettar. Men i det fyrste rennet i verdscupen i sesongen 2008/09 sette han ny personleg rekord i indivduell start med ein tredjeplass på 15 km fristil. Han avgjorde også stafetten i Gällivare, der han spurtslo mellom andre svenske Marcus Hellner og tyske Axel Teichmann, sjølv om han ødela trinsa på den eine staven rett før oppløpet. Northug imponerte også då han vann 30 km fristil fellesstart i La Clusaz ved å spurtslå sveitsiske Dario Cologna. Han gjekk igjen siste etappe for Noreg på stafetten dagen etter, og igjen vann han, denne gongen ved å dra frå i den siste bakken.

Ut frå samanlagtplasseringa i verdscupen var Northug ein av favorittane i Tour de Ski 2008/09, men det var mange renn i klassisk, noko som ikkje passa han så godt. Men han gjorde det betre i klassiskrenna enn forventa. Northug tok ein etappesiger og vart nummer to samanlagt, etter Dario Cologna.

Northug sleit med sjukdom etter Tour de Ski, og han stod over mange verdscuprenn for å verte frisk til VM i Liberec. Han opna meisterskapen godt og tok den fyrste individuelle VM-tittelen sin på 30 km dobbel jaktstart den 22. februar 2009 då han spurta frå svenske Anders Södergren og italienaren Giorgio Di Centa. Northug følgde opp med å spurtsigre over Axel Teichmann som ankermann på 4 x 10 km stafett 5 dagar seinare. Northug og Teichmann låg likt til rett før mål, då Northug rykte ifrå og til slutt kom han i mål 2,6 sekunder framfor tyskaren. På den siste dagen i VM, 1. mars 2009, vart han definitivt den store utøvaren i VM då han klarde å ta det tredje gullet sitt på 50 km fristil fellesstart, 0,7 sekunder framfor russiske Maksim Vylegzjanin og 2,0 sekunder framfor tyske Tobias Angerer. For dette vart han tildelt Aftenpostens Gullmedalje same året.

Olympiske lekar i Vancover 2010[endre | endre wikiteksten]

Lekane starta ikkje bra. 15 km fristil og 30 km fellesstart med skibytte blei to nederlag. Sprintene kom Northug godt ifrå. Ein bronsemedalje på den individuelle klassiske sprinten, og sitt fyrste olympiske gull på sprintstafetten saman med Øystein Pettersen. Så vart det tid for stafetten, og svenskane gjekk ifrå Noreg, endå Northug tok mykje inn på siste etappe. Northug og Noreg gjekk inn til ein sølvplass. Ols siste øving skulle vise seg å vere Northugs øvelse, og etter å ha knust Axel Theichmann i spurten, vann endeleg Northug gull. 50 kilometer klassisk stil. OL blei ein suksess med ein bronse, eit sølv og to gull medaljar.

Ein trøblete start[endre | endre wikiteksten]

I starten av sessongen 2010/2011 vart Northug plaga av krimsjuke og liknande symptom, og var borte i frå sporten ein stund. Det blei nok ein gong ein annanplass i Tour de ski , bak sveitsaren Dario Cologna. Northug meinte at VM-forma var i anmasj, og det var den verkeleg. (skriv mer)

VM på heimebane[endre | endre wikiteksten]

I Oslo var sprint den fyrste øvelsen på programmet. Marcus Hellner tok Gull, Northug sølv og Emil Jönsson Bronse. Så var det 15km x 15 km fellesstart med skibytte, og Northug spurtet fra konkurentane. Nok ein gullmedalje til Northug. Seinare i mesterskapet tok han eit sølv og to gull til. Sølvet kom på sprintstafetten saman med Ola Vigen Hattestad, som tapa spurten mot Canada. Northug fekk både gull på stafett og 50 kilometeren.



" Meritter i Meisterskap"

Verdscupen

  • 14 sigrar*
  • Oppdatert 3. januar 2012

Fotnote[endre | endre wikiteksten]

  1. Kjetil Kroksæter (25.01.2006). «Ble nektet å kvalifisere seg». Adresseavisen.