Emilie Frich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Emilie Frich
Fødd 4. oktober 1834
Mæle gård
Død

24. oktober 1928 (94 år)
Oslo

Yrke skribent
Far Ole Øvre Richter
Ektefelle David Christopher Frich
Born Øvre Richter Frich

Emilie Christine Frich (4. oktober 183424. oktober 1928) var ein norsk forfattar.

Emilie Frich var dotter av brukseigaren og ordføraren Ole Øvre Richter (1801-1865) og Birgitte Lucie Wang. I 1859 vart ho gift med cand.theol. og seinare sokneprest og stiftprost David Christopher Frich (1833–1917). Dei var foreldre til forfattaren Øvre Richter Frich (1872-1945).

Etter at ektemannen gjekk av med pensjon i 1909, busette han og Emilie Frich seg i Briskebyveien 34 i Kristiania. Huset vart samanlikna med prestegardane ekteparet tidlegare hadde budd i, i Eid i Romsdal, Byneset ved Trondheim og på Vang ved Hamar.[1]

Den einaste utgjevinga til Emilie Frich er den posthumt utgjevne Minner fra et langt og lykkelig liv – nedskrevet for slekten i årene 1921-28.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1929: Minner fra et langt og lykkelig liv – nedskrevet for slekten i årene 1921-28, Hanches forlag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nationen 1924.10.04. Oslo. 1924. s. 8. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]