Empress Market

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Empress Market
PK Karachi asv2020-02 img36 Empress Market.jpg

Empress Market
24°51′45″ N 67°1′46″ E

Empress Market (ایمپریس مارکیٹ, sindhi: ايمپريس مارڪيٽ) er ein marknadsbygning i Saddar Town i Karachi i Pakistan. Marknaden bley bygd då området var del av Britisk India, og har namn etter dronning Victoria, som var nemnd keisarinne av India.[1] I dag er det ein travel handelsstad. Ein sel mellom anna frukt, grønsaker, kjøt og andre matvarer her i tillegg til andre varer som skriveutstyr, tekstilar og kjæledyr. I nærleiken av bygningen ligg parken Jahangir Park.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Empress Market i 1890
Det sentrale tårnet til bygningen.
Marknaden i mørke
Arkitektonisk detalj

Empress Market blei bygd mellom 1884 og 1889 og namngjeve etter dronning Victoria, Empress of India.[2] Marknaden blei plassert på ein nøye utvald stad som ein kunne sjå langveges frå. Staden han blei bygd på hadde historisk tyding. Det var her fleire indiske soldatar (sepoyar) blei avretta etter det indiske opprøret i 1857. Omtalar av hendinga seier at soldatane fekk hovuda sine skotne av med kanonkuler i eit forsøk på å undertrykka opprørstankar blant lokale folk.[3] Britane frykta at dei lokale innbyggjarane kunne koma til å bygga eit minnesmerke til ære for dei avretta soldatne, og bygde i staden Empress Market for å æra dronning Victoria.[4]

Grunnsteinen til Empress Market blei lagd av den dåverande guvernøren av Bombay, James Fergusson i 1884. Han la også ned grunnsteinen til Merewether Memorial Tower. Bygningen var teikna av James Strachan, grunnmuren blei laga av det engelske føretaket A.J. Attfield, og sjølve byggjearbeidet blei utført av det lokale føretaket Mahoomed Niwan and Dulloo Khejoo. Bygningen blei konstruert rundt eit torg som var 130 fot (40 m) gangar 100 fot (30 m) og hadde fire galleri som kvart var 46 fot (14 m) vide. Galleria hadde plass til 280 butikkar og buer. Då det blei bygd var det ein av berre sju marknadar i Karachi.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Haroon, Hameed; Mariam Ali Baig (2004). Karachi Under the Raj, 1843–1947: Visions of empire. Dawn Group of Newspapers. s. 186. OCLC 62134025. . Henta 6. april 2018
  2. No hope of early renovation of Empress Market Daily Times (newspaper), 25. juli 2017. Henta 6. april 2018
  3. Shazia Hasan (26. september 2016). «Vigil held at Empress Market, where blood of soldiers was spilt in 1857». Dawn. Henta 6. april 2018. 
  4. Shazia Hasan (26. september 2016). «Vigil held at Empress Market, where blood of soldiers was spilt in 1857». Dawn. Henta 6. april 2018. 
  5. «Empress Market - Wikimapia». Wikimapia.org. Henta 6. april 2018.