Enaresjøen
Utsjånad
| Enaresjøen | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Utløp | Pasvikelva | ||
| Høgd over havet | 117–119 moh. | ||
| Lengd | 80 km | ||
| Breidd | 50 km | ||
| Areal | 1 040 km² | ||
| Middeldjupn | 15 m | ||
| Største djupn | 92 m | ||
| Volum | 15,9 km³ | ||
| Kystlengd1 | 3 308 km | ||
| Koordinatar | |||
| Øyar | 3 318 (Hautuumaasaari, Ukonkivi) | ||
![]() Enare 68°57′35″N 27°36′06″E / 68.9596511°N 27.6017069°E | |||
| Wikimedia Commons: Lake Inari | |||
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |||
Enaresjøen er den tredje største innsjøen i Finland, og den sjette største i Europa. Han ligg i den nordlege delen av Lappland, nord for Polarsirkelen. Innsjøen ligg 117-119 meter over havnivå, og vert regulert av kraftverket Kaitakoski i Russland. Innsjøen er vanlegvis islagd frå november til tidleg i juni.
Dei mest kjende øyane i innsjøen er Hautuumaasaari (Kyrkjegardøya) og Ukonkivi, ein historisk offerstad for folk i tidlegare tider. Det er over 3 000 øyar i innsjøen. Av fisk finn ein aure, laks, åbor og gjedde.
Enaresjøen dekkjer eit areal på 1 040 kvadratkilometer. Han har utsig i nord ved elva Pasvikelva, som munnar ut i Varangerfjorden og Barentshavet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Inari» frå Wikipedia på engelsk, den 1. april 2007.

