Engebret Olsen Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engebret Olsen Moe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. juli 1780
Norderhov
Død

9. mai 1849 (68 år)
Hole

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Engebret Olsen Moe (22. juli 17809. mai 1849) var ein norsk gardbrukar, ordførar i Hole kommune og stortingsrepresentant. Han var far til folkloristen Jørgen Moe.

Moe var fødd og oppvaksen garden Vaker i Norderhov. I 1805 gifta han seg til garden Mo i Hole, overtok seinare garden etter svigerfar sin. Han inntok ei leiarrolle i bygdesamfunnet, vart i seinare år ofte omtala som 'Far Moe'. Han oppretta i krigsåra 1807-14 eit bygdemagasin, var med på den omfattande utskiftinga av Krokskogen, og hadde ei rekke kommunale verv, var også 1848-49 ordførar i Hole.

Moe var stortingsrepresentant frå Buskerud 1815-16, 1830, 1833 og 1839. I 1815-16 var han medlem av tre komitear, ein av dei var militærkomiteen. I 1830 medlem av valkomiteen, justiskomiteen og matrikkellovkomiteen. Både i 1833 og 1839 var han medlem av Lagtinget og justiskomiteen.

Han døydde på Mo i 1849.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]