Jørgen Moe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jørgen Moe
Jørgen Moe (Frederik Klem).jpg
Fødd 22. april 1813
Hole
Død

27. mars 1882
Kristiansand

Jørgen Moe på Commons

Jørgen Engebretsen Moe (fødd 22. april 1813 i Hole, Buskerud, død 27. mars 1882 i Kristiansand)[1] var ein norsk biskop og forfattar, særleg kjent som eventyrsamlar, ein av pionerane for innsamling av folkedikting i Noreg på 1800-talet.

Mo gard i Steinsfjerdingen i Hole kommune, Buskerud, heimplassen til Jørgen Moe.
Foto: Tom Bjørnstad
Moe måla av Christian Skredsvig (1896)

Frå han var ung, samla han eventyr, folkeviser og stev. Saman med Peter Christen Asbjørnsen skapte han samlingane Asbjørnsen og Moe sine Norske folkeeventyr. Som utgjevarar av eventyr og sagn er Asbjørnsen og Moe den norske parallellen til Grimm-brørne i Tyskland.[1]

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Jørgen Moe vart fødd på garden Mo, som son av gardbrukaren og politikaren Engebret Olsen Moe.[1] Han utdanna seg til prest, og etter å ha tena som kapellan, huslærar og lærar ved Krigsskulen i fleire år vart han i 1863 sokneprest i Bragernes kyrkje i Drammen. Seinare flytta han til Vestre Aker kyrkje i Christiania, og til slutt vart han biskop i Kristiansand.[1]

I 1854 hadde han gifta seg med Johanne Fredrikke Sophie Sørenssen, dotter av generalmajor og rektor ved Krigsskulen Fredrik Moltke Sørenssen.[1] Blant borna deira finn ein folkeminneprofessor Moltke Moe, ingeniør Ole Falk Moe og Martha Johanne Védastine Moe som gifta seg med kunsthistorikaren Andreas Aubert.[2]

Forfattar og folkeminnesamlar[endre | endre wikiteksten]

Det var i ungdommen at Moe vart kjend med Asbjørnsen, og dei to drog rundt og skreiv ned eventyr dei vart fortalde. Medan Asbjørnsen likte korte og gjerne morosame historier, var Moe meir oppteken av dei meir alvorsame undereventyra og legendene.

I tillegg til eventyrsamlinga gav Moe òg ut sjølvskrivne verk, både dikt og forteljingar. I 1881 vart Moe utnemnt til kommandør av St. Olavs Orden.

Sonen hans Moltke Moe tok opp arva etter både Asbjørnsen og faren.

Hovudverk[endre | endre wikiteksten]

  • Norske folkeeventyr, 1841. Med Peter Christen Asbjørnsen.
  • Digte, 1849.
  • I brønden og i tjernet, 1851.
  • At hænge på juletreet, 1855.
  • En liten julegave, 1860.
  • Samlede skrifter, 1877.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Ørnulf Hodne. Jørgen Moe. Norsk biografisk leksikon.
  2. Nils Messel. Andreas Aubert. Norsk biografisk leksikon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jørgen Moe
Wikisource Jørgen MoeWikikilden (frie originaltekstar)