Hopp til innhald

Enghumleblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Enghumleblom
Enghumleblom
Enghumleblom
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Slekt: Humleblom Geum
Art: Enghumleblom G. rivale
Vitskapleg namn
Geum rivale

Enghumleblom (Geum rivale) er ei fleirårig urt som høyrer til rosefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Enghumleblomen har jordstengel som veks eit kort stykke kvart år. Jordstengelen har svak nelliklukt. Enghumleblomen overvintrar med ein friskt grøn bladrosett på jordoverflata. Neste vår skyt det stenglar opp frå bladhjørna i rosetten. På toppen av stengelen, som vert opp til 50 centimeter lang, sit blomen. Ofte er det to blomar på kvar stengel. Blomen har eit klokkeforma beger som er purpurbrunt og lode. Kronblada er mørkt rosa. Det store begeret gjer at blomen alltid verkar halvopen. Blomen er lutande, men rettar seg opp når frøa mognar. Han blømer ofte i mai.

Griffelen fell ikkje av etter pollineringa. Når frøa mognar veks han til ein krok. Når kroken brotnar vert griffelenden hard og skarp. Kroken krøkjer seg då lett fast i dyr og menneske. På den måten kan frøa verte spreidde.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Enghumleblom veks ved bekkar og på fuktige lysningar i skogen. Han veks over Sentral- og Mellom-Europa. I Noreg veks han over heile landet, og over skoggrensa. På Dovre er han funnen opp til 1460 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pål Hermansen: Våre vakreste fjellplanter. Universitetsforlaget 1985
  • C. A .M. Lindman: Nordens Flora. Oslo 1977
  • Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1970