Engkarse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Engkarse
Engkarse
Engkarse
Systematikk
Rike: Plantar Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Stamme: Cardamineae
Slekt: Engkarseslekta Cardamine
Art: Engkarse C. pratensis
Vitskapleg namn
Cardamine pratensis

Engkarse (Cardamine pratensis) er ei plante i engkarseslekta i krossblomfamilien. Planta er 20 til 40 cm høg og veks på fuktige enger og i lyse lauvskogar. Ho er vanleg i heile Noreg, især på Vestlandet, og blomstrar i mai-juni. Elles i verda veks arten naturleg over mykje av den nordlege tempererte sona.

Engkarse

Engkarsen har rund stengel med blad som sit fleire på kvar bladstilk. Blada nærast rota er runde til svakt klubbeforma. Blada på sidestilkane på stengelen er lengre og smale. Blomsteren har fire kronblad, slik som er det vanlege i denne plantefamilien. Kronblada er lyst fiolette med mørkare årar. Fruktene ligg som ei rad frø i fire cm lange skulper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia på bokmål.
  • Svensk Wikipedia.
  • Floraen i farger, Aschehoug, 3. opplag, 1970.