Enontekiö

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Enontekis kommune)
Hopp til navigering Hopp til søk
Enontekiö
kommune
Enontekiö Hetta keskusta.JPG
Våpenskjold
Land Flag of Finland.svg Finland
Fylke Lappi
Areal 8 463 59 km²
Folketal 2 000 (31.12.2005)
Grunnlagd 1877
Ordførar Pentti Keskitalo, rådmann
Aarne Kultima, kommunestyre
Postnummer 99300-99490
Retningsnummer 016
Språk Finsk og nordsamisk
Enontekiö.sijainti.suomi.2008.svg
Wikimedia Commons: Enontekiö

Enontekiö (nordsamisk Eanodat, enaresamisk Iänudâh, svensk Enontekis) er ein kommune i Lapplands län i Finland. Kommunen er tospråkleg med finsk som majoritetsspråk og nordsamisk som minoritetsspråk.

Kommunen er forma som ein slags arm som strekkjer seg nordvestover frå resten av Finland. Han grensar til Sverige (Kiruna) i sørvest og Noreg (Kåfjord og Kautokeino) i nord og nordaust. Det er her at grensene mellom dei tre landa Finland, Sverige og Noreg møtest.

Administrasjonsstad og største tettstad er Hetta (nords. Heahttá, d.s. som det vanlege nords. etternamnet Hætta) som har om lag 800 innbyggjarar. Den nordvestlegaste tettstaden i Finland, Kilpisjärvi, ligg like ved norskegrensa. På grunn av prisskilnaden mellom Noreg og Finland kjem mange nordmenn hit for å handla. Kaaresuvanto er ein annan viktig tettstad som ligg like ved grensa til Sverige.

Kommunen husar både det høgaste fjellet i Finland, Haltiatunturi (nordsamisk Hálddičohkka), på 1 328 m, og den største fossen i landet, Pihtsusköngäs.

Enontekiö vart skapt i 1747 då han vart skild frå soknet Jukkasjärvi. Under freden i Fredrikshamn i 1809 vart han delt i den noverande finske kommunen aust for elvane Muonionjoki og Torneelva], og den svenske kommunen Karesuando som i dag er ein del av Kiruna.

Kjende folk frå Enontekiö[endre | endre wikiteksten]