Eolisk prosess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinskulptur forma av vinden på Altiplano i Bolivia.

Eoliske prosessar er prosessar skapt av vinden, eller meir presist evna vinden har til å forme ei overflate. Vind kan erodere, transportere og avsetje stoff og er ein viktig faktor i område med sparsam vegetasjon og store mengder lause sediment. Sjølv om vatn er langt viktigare når det gjeld å forme eit landskap, er eoliske prosessar viktige i tørre miljø som ørkenar.

Vind eroderer jordoverflata ved deflasjon (lause og fine partiklar som vinden flyttar), ved turbulens og abrasjon. Område med intens og vedvarande erosjon vert kalla deflasjonssoner. Nesten halvparten av ørkenområda i verda er steinete deflasjonssoner.

Partiklar vert transportert av vinden i lufta, ved saltasjon og kryping. Små partiklar, mindre enn 0,2 millimeter i diameter, kan løftast opp i lufta og fraktast av stad. Saltasjon skjer når små partiklar mindre enn 1 cm i diameter vert løfta opp frå bakken av vinden og gjer eit lite hopp framover. Partikkelen kan treffe andre partiklar når han landar, og desse kan halde fram saltasjonen. Partikkelen kan òg treffe andre partiklar som er for store til å løftast, men desse kan sakte krype framover når dei vert skubba på av saltasjonspartiklar. Slik kryping ved overflata utgjer så mykje som 25 % av partikkelrørsla i ein ørken.

Stoff som er avsett av vinden kan gje signal om noverande og tidlegare vindretningar og vindstyrkar. Dette kan hjelpe til med å forstå det noverande klimaet og kreftene som formar det. Vindavsette sandformasjonar framtrer som sanddekker, rifler og sanddyner. Sanddekkene er flate og inneheld korn som stort sett er for store til saltasjon. Dei utgjer om lag 40 % av vindavsettingane. Sanddekke Selima sør i Egypt og nord i Sudan dekkjer 60 000 km² og er eit av dei største sanddekka i verda.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]