Vegetasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eit finsk skogområde med mykje bjørk.

Vegetasjon er ei samlekjenning for kva slags planteliv (ofte inkludert sopp, lav og makroalgar) som finst i eit område. Ulike artar finst på ulike stadar, sidan dei har ulike miljøkrav; noko som gjer at me kan dela ulike plantesamfunn inn i vegetasjonstypar.

Vegetasjonsanalyse[endre | endre wikiteksten]

For å skildra plantesamfunna utfører ein såkalla vegetasjonsanalysar. Ein deler då eit område opp i ruter (analyseflater eller transektar) med klart definerte grenser og fast storleik. Minimumsstorleiken for slike ruter ligg der kor arealauke ikkje gjev vesentlege endringar i kurva for artstalet.

I Noreg deler me vegetasjonen inn i normalt fire sjikt: tresjiktet ( >2 meter), busksjiktet (30 - 2 m), feltsjiktet (urter under 30 cm) og botnsjiktet (stort sett lav og mose). For kvar rute som vert undersøkt vert det laga ei fullstendig artsliste. Ein oppgjev òg kor stor lut av den totale prøveflata dei ulike sjikta tek, projisert på bakken.

Plantar som er typiske for særskilde vegetasjonstypar vert kalla indikatorartar eller karakterartar. Artar som berre finst i særskilde samfunnstypar vert kalla skiljeartar.

Biologisk mangfald vert målt ut frå artstal og vert påverka av kor mange meir eller mindre sjeldsynte artar som er å finne i rutene.

Vegetasjonstypar[endre | endre wikiteksten]

På grunnlag av dei dominerande vegetasjonstypane vert Jorda delt inn i sonar. Mellom dei mest grunnleggjande av desse er ørken, halvørken, steppe, savanne, buskmark, tropisk regnskog, temperert regnskog, lauvfellande skog, boreal barskog og tundra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]