Equisetopsida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Equisetopsida
Skogsnelle (Equisetum sylvaticum)
Skogsnelle (Equisetum sylvaticum)
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Equisetophyta
Klasse: Equisetopsida
C.Agardh, 1825

Equisetopsida er ein klasse av karsporeplanter som omfattar sneller, ei lita slekt med nolevande fleirårige urter, og fleire grupper med større, meir treliknande grupper frå jorda si oldtid. Som andre karsporeplantar formeirer dei seg med sporar som veks opp til ein prothallium, der den verkelege befruktinga skjer. Frå den befrukta protophalliumen veks det kjønna stadiet opp.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Equisetopsida-plantene er enkle å kjenna att gjennom den leddelte stammen sin. Greinene er samla nær den øvste delen av kvart ledd. Dette gjev snelleplantane ein overflatisk likskap med bambus. Sjølve stammen er hol. I motsetnad til bambus, som har hard stamme, er stammen til sneller relativt mjuk og urteaktig. Hos dei store snelletrea har han hatt eit indre, hard ved, medan yttersida har vore mjuk tilsvarende stammen til ein bananpalme. Fossilar av snelletre er vanlegvis flattrykte, men det er òg mogleg å finna fossil med den hole stammen att.[2]

Blada hjå dei nolevande snellene er sterkt reduserte og er samla i enden av kvart ledd som ein liten, brun krans. Hjå dei eldre, treaktige familiane var blada større, og danna rosettar rundt stamme og greinar. Slikt bladverk har i nokre tilfelle hatt ein overflatisk likskap med bregnar.

Formeiringsorgana hjå nolevande snelleplanter sit heilt i toppen av stammen. Hjå tidlegare grupper fanst det kongleliknande sporangiar i par ved ledda på stammen. I likskap med kråkefotplantar har sneller berre ein enkelt type sporar.[3] Dei formeirer seg vanlegvis òg med rotskot.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Dei nolevande snellene er levande fossil. Dei er dei einaste gjenlevande av ei stor og formrik gruppe som i meir enn hundre millionar år dominerte underskogen i siste del av oldtida. Nokre av snelleplantane kunne bli større tre, dei største kom opp i 20 meter og utgjorde viktige delar av skogen i kolsumpane.[4] Særleg slekta Calamites er ein viktig del av mykje av kol frå karbon.[5]

Inndeling[endre | endre wikiteksten]

Calamitaceae-fossil

Klassen er delt i tre ordenar.

  • Ordenen Pseudoborniales er den eldste og mest primitive ordenen. Denne er berre kjend frå ein enkel art frå sein devon kalla Pseudobornia ursina. Denne arten voks til eit lite, spisst kjegleforma tre, med (for klassen) relativt store blad og meir tydeleg greining enn hjå seinare grupper.
  • Ordenen Sphenophyllales omfatta slanke, greina og meir eller mindre lianforma planter. Dei var utbreidde frå devon og fram til slutten av perm, med hovudtyngden av fossil kjend frå karbon.[6] Meir enn 10 slekter er skildra, men fleire av dei kan vera synonym.
  • Ordenen Equisetales omfattar dei nolevande snellene og dei utdøydde familiane Calamitaceae, Archaeocalamitaceae og Phyllothecaceae.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Pterophyta (Psilotum, Equisetum, Ferns)». Radboud Universiteit, Nederland. Henta 30. desember 2016. 
  2. Steur, H. «Wood of the horsetail tree Calamites». Henta 30. desember 2016. 
  3. «Sporofyll». Institutt for biovitenskap, Universitetet i Oslo. 2011. Henta 30. desember 2016. 
  4. «An Introduction to the Genus Equisetum and the Class Sphenopsida as a whole». Florida International University. Arkivert frå originalen 2009-07-14. Henta 22. juli 2009. 
  5. Nemejc, F. «Taxonomical studies on the fructifications of the Calamitaceae collected in the coal districts of Central Bohemia». Acta Entomologica Musei Nationalis Pragae. 9 B (1): 1-74. 
  6. «Introduction to Sphenophyllales». University of California Museum of Paleontology. Henta 27. januar 2011.