Erdre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erdre
elv
Nort-sur-Erdre Hafen.jpg
Land Flag of France.svg Frankrike
Nedslagsfelt 936 km²
Lengd 85 km
Middelvassføring 2,5 /s
Kjelde Maine-et-Loire
Munning Loire
Wikimedia Commons: Erdre

Erdre er ei elv vest i Frankrike og ei av sideelvane til Loire frå høgre. Ho har sitt utspring i departementet Maine-et-Loire nær La Pouëze. Ho renn òg gjennom departementet Loire-Atlantique. Elva munnar ut i Loire ved byen Nantes. Andre byar Erdre renn gjennom er Candé, Riaillé, Nort-sur-Erdre og Sucé-sur-Erdre.

Erdre er uvanleg på den måten at ho er breiare lenger oppe i elva enn i den nedre delen. På det lågaste punktet, der ho møter Loire i Nantes, er den tidlegare leia hennar no hovudveg og forretningsstrøket Cours des Cinquante Otages. Erdre møter no Loire via ein undergrunnskanal under Rue Henri IV, og dei renn i hop nær hovudjernbanestasjonen.

Om lag 15 km opp i elva, ved Plaine de Mazeroles, nær Sucé sur Erdre, har Erdre gått frå å vere nokre få hundre meter brei til nesten ein kilometer. Vidt sumpterreng gjer elva enno breiare. Ovanfor her går Nantes-Brest-kanalen vestover ved landsbyen Nort sur Erdre.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Erdre