Nantes
Hopp til navigering
Hopp til søk
Nantes | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Motto «Favet Neptunus eunti» (Må Neptun stille seg velvillig til den reisande) | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Departement |
Frankrike Pays de la Loire Loire-Atlantique | ||||
Borgarmeister | Patrick Rimbert | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Urbant - Storbyområde |
65,19 km² 476 km² 2 242,6 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2004) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
280 600 4 304/km² 544 932 711 120 | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 8 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) | ||||
Diverse anna | |||||
Postnummer | 44109/44000, 44100, 44200 og 44300 | ||||
Telefon-retningsnummer | 02 | ||||
Heimeside: www.nantes.fr |
Nantes er ein by i det vestlege Frankrike. Byen har 280 600 innbyggjarar (2004), 711 120 med forstadene. Dette gjer Nantes til den sjette største byen i Frankrike.
Nantes vart kristna på 300-talet og vart i åra etter åtaka av saksarar, frankarar og normannarar. Byen var lenge hovudstad i Bretagne, men blei skild frå regionen av Vichy-regjeringa i 1941. Sidan 1971 har byen vore del av regionen Pays-de-la-Loire, men mange innbyggjarar føler seg framleis kulturelt heime i Bretagne. Byen er òg préfecture (administrasjonstad) i departementet Loire-Atlantique.
Kjende folk frå Nantes[endre | endre wikiteksten]
- Anne av Bretagne (1477-1514), fransk dronning
- Jules Verne (1828-1905), forfattar
- Aristide Briand (1862-1932), statsminister og fredsprisvinnar
Ymse[endre | endre wikiteksten]
Den bretonske musikkgruppa Tri Yann heitte opphavleg Tri Yann an Naoned, som er bretonsk for «tre Janar frå Nantes».