Loire-Atlantique

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Loire-Atlantique
Våpenskjoldet til Loire-Atlantique
Plassering
Plasseringa til Loire-Atlantique i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 44
Region: Pays-de-la-Loire
Préfecture: Nantes
Sous-préfectures: Ancenis
Châteaubriant
Saint-Nazaire
Arrondissement: 4
Kantonar: 59
Kommunar: 221
Président du conseil général: Patrick Mareschal
Statistikk
Folketal Rangering 13.
 -2005 1 192 176
Folketettleik: 175/km²
Landareal¹: 6 815 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Loire-Atlantique (tidlegare Loire-Inférieure) er eit departementet på vestkysten av Frankrike. Departementet ligg i regionen Pays-de-la-Loire, og er kalla opp etter elva Loire og Atlanterhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Loire-Atlantique er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne. Opphavleg vart departementet kalla Loire-Inférieure, men skifta i 1957 namn til Loire-Atlantique.

Området var opphavleg ein del av Bretagne og inneheld det som mange framleis reknar som hovudstaden i Bretagne, Nantes. Departementet vart skild frå Bretagne i 1941 av Vichy-regimet, og mange vil i dag ha området tilbake til Bretagne.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Pays-de-la-Loire og grensar til departementa Morbihan, Ille-et-Vilaine, Maine-et-Loire og Vendée, med Atlanterhavet i vest.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Bretonsk språk er ei viktig sak i departementet og mange støttar tospråkleg utdanning.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Loire-Atlantique